fredag 3. februar 2012

Når Guds bustad står tom

Eg har gitt meg sjølv ei utfordring, nemleg å lese heile Bibelen dette året (Sjå her korleis det går) Foreløpig går det greit, og eg har lest ein del tekstar som det er ei god stund sidan eg las sist. Ein av desse tekstane, er profeten Haggai. Eg har lese han før, men det er neimen ikkje ofte eg har vore innom boka...

Då eg las den heller korte boka tidlegare i veka, var det særleg ein ting som festa seg i hjernen min og som eg har tenkt på dei siste dagane. Det meste av det eg les festar seg naturlegvis ikkje så veldig godt. Eg har stor tru på det å lese for eksempel eitt eller to vers, og bruke god tid på dei. Då festar dei seg, og ein kan oppdage nye djupner i versa. Sidan eg no i staden tek sikte på mengdelesing, støttar eg meg til noko ein forkynnar sa i ein tale eg høyrde for mange mange år sidan. Han snakka om noko som eg vel å kalle for "bibelvasking". Det å lese ein bibeltekst kan av og til følast som å setje beina ut i ei elv. Vatnet kjem, stryk mot huda og forsvinn att. Minnet om dei enkelte dropane er borte, og når ein stig opp att frå vatnet, tørkar beina raskt og ingenting av vatnet er att. Likevel har vatnet gjort noko med beina. Dei har vaska dei! Eg har eit veldig ambivalent forhold til ordet "hjernevask". Først og fremst har det ein del negative assosiasjonar, der kunnskap om terrorregime og torturmetodar spelar ei sentral rolle. I ein slik samanheng handlar hjernevask om å øydeleggje ein person. Noko forferdeleg og grusomt. På ei anna side kan hjernevask, i ei anna tyding, vere positivt. Viss ein "vaskar" tankar, haldningar og samvit i Guds ord, slik at dei står rettare, reinare og meir realistiske tilbake, vil ein ikkje oppleve å bli øydelagt. Tvert om, ein blir reparert og sett i stand til å møte verda med meir pågangsmot og meir omsorg.

Ok, tilbake til Haggai... Kapittel 1, vers 6:
        
          De sår mykje, men haustar lite,
          de et, men blir ikkje mette,
          de drikk, men sløkkjer ikkje tørsten,
          de kler dykk, men blir ikkje varme.
          Og leigekaren får si løn
          i ein pung med hol i. 


Snakk om trøblete kvardag! Ein et, drikk og kler seg, men oppnår ikkje det ein håpar på. Det er noko som manglar, men same kva ein gjer klarar ein ikkje å stille dei behova kroppen har. Og på toppen av alt er ein gjerrig og uærleg, og betalar leigekaren på ein måte som gjer at han ikkje får nokon ting... Profeten skildrar det som ein annan profet, Hosea, kallar "Jag etter vind". Å jakte på noko ein aldri vil klare å fange. Haggai skildrar eit tomt og meiningslaust liv, der ein strevar og strevar, men aldri oppnår det ein lengtar etter. Og kvifor oppnår ein aldri måla sine?


I vers 9 kan vi lese:

          De ventar mykje, men sjå, det blir lite.
          De får avlinga i hus, men eg blæs henne bort.
          Kvifor? seier Herren over hærskarane.
          Fordi mitt hus ligg i røys
          medan de har det travelt med dykkar eigne hus.


Grunnen er klar, seier Gud. Ein tenkjer berre på å fylle eigne behov, og lar Guds hus ligge i ei røys (Haggai var profet i tida etter at babylonarane hadde øydelagt tempelet og bortført folket).

Desse versa festa eg meg ved, for eg syns dei er ei så presis og god skildring av menneske, også oss som lever 2500 år etter. For kva er det eigentleg dette handlar om? Kor er Guds bustad i dag? I 1. Kor 3,16 står det: "Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?"

Kvar enkelt av oss er, eller skulle vore, eit tempel for Gud. Når vi slepp Gud til, vil han bu i oss, og vi vert omgjort til ein vandrande bustad for Guds Ande, som vil rettleie og vise oss den rette vegen (Og då tenkjer eg ikkje først og fremst på den konkrete vegleiinga som vi av og til, men slett ikkje alltid, kan oppleve at Gud gir. Nei, når Anden peikar på den rette vegen, peikar han på Jesus. Kva er viktigast for Gud: at vi bur i Moss, Bergen eller Tromsø? eller at vi har augene festa på Jesus?)


Når Guds bustad står tom, byrjar det å melde seg ein del problem. Same kor mykje ein drikk, vert ikkje tørsten sløkt. Same kor mange religiøse retningar og andelege vegleiarar ein fyljer, vil ein ikkje finne fred i hjartet. Same kor stor suksess ein oppnår i arbeidslivet, vil ein ikkje kunne bli verkeleg tilfreds. Same kor mange pengar ein sopar inn på kontoen, vil ein aldri kunne bli metta. For kva slag fred kan pengar, suksess, venleik, makt eller religiøs streben kunne gje oss? Ingen verdens ting. Berre jag etter vind, eit nyttelaust strev etter noko ein aldri vil oppnå. (Når eg skriv desse orda, tenkjer eg spesielt på det o store idealet i vår tid: Det å ha ein veltrent, sunn, frisk og ikkje minst vakker kropp, som andre kan beundre og gje positive kompliment. Og så den medfølgande angsten for å falme, bli gamal og sjuk. I media oppfattar eg ein slags angst for det å ikkje vere fin og populær, og blant ungdomane er dette idealet ein tyrann som øydelegg sjølvbildet til alle dei som ikkje strekk til. Tenk om vi som kristne kunne klare å overbevise omverda om kva som er verkeleg viktig, og kva som kan gje verkeleg fred og verkeleg fylle lengten i hjarta!)


Det einaste som kan gje fred, er når Guds bustad er busett av Han som kan gje det levande vatnet, slik at ein aldri meir vil tørste (Joh 4, 14: "Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv")

Først når Gud bur i deg, og er Herre over livet ditt, vil du kunne finne den verkelege meininga med livet. Og den verkelege freden i hjarta.



Som regel, når det gjeld viktige sanningar i Guds ord, er ein sjeldan den første som tenkjer tankane... Og ofte er det laga flotte songar som set ord, andre ord, på det same tema. Det gjeld berre å finne dei. Ta for eksempel denne songen, av ei av mine favorittgrupper, Petra. "The longing" handlar nettopp om lengten etter meining i livet, og kven som kan tilfredsstille denne lengten.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar