tirsdag 14. februar 2012

Slavehandel og god litteratur

Som menneske flest er eg ganske lett å lure. Ikkje i den forstand at folk klarar å lure frå meg store pengesummar, eller får meg til å tru på kva som helst. Eg er ganske firkanta som person, så eg trur nok at det tvert om er ganske vanskeleg å innbille meg noko som virkar usannsynleg... Likevel er eg lettlurt, i den forstand at eg lett ser på verda rundt meg og tek det som sjølvsagt at slik den er no, var den i går og vil fortsatt vere i morgon. Og i den forstand at når eg ser eit vakkert landskap, som det på bildet til høgre, har eg vanskeleg for å tru at naturen kan gøyme på ei ondskapsfull fortid. Det ser så vakkert og fredeleg ut, og eg tenkjer: Tenk å vere der, då!

Likevel skjuler landskapet mykje liding. Bildet er frå Sierra Leone, eit fattig land med ei blodig historie. For eksempel var det borgarkrig i landet på 1990-talet. Då sprang det rundt soldatar med våpen i skogen i bakgrunnen. Viss vi går endå lenger tilbake i tid, til 1700-talet, vart det drive storstilt slavehandel og slaveeksport frå kysten av Sierra Leone. Kanskje vart nokon av slavane ført i lenker over akkurat desse strendene?

Eg har akkurat lest ei opprivande bok som heiter "Noen kjenner mitt navn". Boka startar i ein liten landsby inne på det Afrikanske kontinentet. Verken hovudpersonen eller vi som lesarar får vite akkurat kor denne landsbyen ligg. I elleve år bur Aminata i landsbyen, og lærte blant anna jordmoryrket av mora si. Så ein dag vert ho teken til fange, og ført til kysten i Sierra Leone. På Bance Island, eit historisk kjent slavefort, vert ho ført ombord i eit slaveskip og sendt over havet til South Carolina i det som etterkvart vart USA. Det er ei hjerteskjærande historie som vert fortalt, frå ho vert teken til fange, ført over havet og sett i slavearbeid på ein Indigoplantasje. Livet der er hardt, men samtidig lærer ho å lese, og ho giftar seg med ein gut ho reiste over havet saman med. I lag får dei ein son, og livet er tilnærma godt i nesten eitt år.

Ein dag vaknar Aminata opp til ei tom barneseng, og oppdagar at herren hennar har solgt sonen til ein annan... Akkurat det punktet var for meg det hardaste i heile boka. Her er mykje liding, blod og djevelskap, men ingenting slo så hardt inn i mitt farshjerte enn då ho vart fråstelt sonen sin. Personleg veit eg ikkje om eg hadde klart å fortsette, og livet fell sjølvsagt saman også for hovudpersonen i boka. Det endar med at herren hennar sel henne vidare, og vi følgjer ferda vidare til Charles Town, New York, Nova Scotia, Freetown i Sierra Leone og til slutt London.

Boka fortel ei sterk historie, som bør bli lest av mange. Det er heller inga ulempe at språket er godt, og historia fortalt på ein måte som gjer at ein nesten kjenner luktene og smakane, og nesten kjenner hovudpersonen sine kjensler i sin eigen kropp.

"Noen kjenner mitt navn" er ei historie som fortener å bli lest.

1 kommentar:

  1. Sv: Tusen takk for hyggelig kommentar! Ja, jeg tror Lillehammer har utrolig bra studentmiljø, og det er jo helt nydlig der så det hadde vært gøy å bo der.. Håper jeg kommer inn på linja, da blir drømmen min oppfylt :) Takk for det! :D

    SvarSlett