I stilla før stormen
Dirrande
Spent
som ein boge
I denne stilla
Kjenner hjarta slå
Blodet bankar
I denne stilla
Der ingen lydar
Inga rørsle
Ingenting
kjem gjennom
I stilla før stormen
Uuthaldeleg, sveitt
Nervøs
I denne stilla
er eg no
Ventar
Og ventar
Og ventar
På stormen
Utløysinga
Befriinga
Ventar på at alt skal rase
Ventar
På stilla etter stormen
Ganske ofte møter ein utfordringar. Anten ting ein blir utfordra til, eller utfordringar ein oppsøker sjølv. Det verste eg veit, er å vente på at det eg gruar meg til skal ta til. Det kan vere så enkelt som ein tannlegetime. Eller kanskje det er eit jobbintervju, første dag på ein ny arbeidsplass eller å flytte til ein ny plass. Kanskje må det aller verste vere når ein veit at ein må seie unnskyld til nokon.
Det er alltid tida før som er verst. Undervegs er ein konsentrert og opplever, som regel, at det går betre enn forventa (I alle fall eg, som er førehandspessimist av natur...) Etterpå, når det ein har gått og grudd seg for er overstått, kjennes kroppen som ein heliumballong, og verda er igjen ein lys og fin plass. Heilt til neste tannlegetime, neste tale, neste moglege fadese...
Slike som meg burde lese Matteus 6, 25-34 kvar einaste dag. Ver ikkje urolege for morgondagen...
Kjenner meg igjen i det å grue seg - og at når timen kommer, da er det verst. Men så kommer vi gjennom, hver eneste gang, ikke sant? Og oppi det hele er det godt med en påminnelse om at vi aller helst ikke skal frykte for morgendagen....Det er vel en grunn for at det står "frykt ikke" 365 ganger i bibelen...men å leve etter det, er ikke alltid like lett..
SvarSlettØnsker deg en nydelig uke videre. :)