onsdag 14. mars 2012

Sirkelen - om ondskap og vennskap

Fantasy som sjanger er verkeleg i vinden for tida. Bokseriar som Harry Potter, Twillight, Dødslekene og Smaragdatlaset er populære, og det er særleg ungdom som kastar seg over bøkene. Det nyaste skotet på stammen er ei svensk bok. "Sirkelen" er første bok i triologien om det vesle bygdesamfunnet Engelsfors. Snart kjem bok nummer to, "Eld", ut i Sverige.

Sirkelen startar med eit mystisk dødsfall, som i utgangspunktet ser ut som sjølvmord. Seks jenter vert på uforklarleg vis samla i ein nedlagt park utanfor sentrum. Der får dei vite at det er dei som må kjempe mot ondskapen som har kom til bygda. Nokre av dei har spesielle krefter, medan andre slit med å finne si rolle i det heile. Og berre for å gjere det heile meir komplisert, er det skarpe skiljelinjer mellom personane. Dei får rett og slett ikkje til å samarbeide, noko som viser seg å få svært uheldige utslag...

Personane som blir teikna i boka er ganske så realistiske. Dei strevar kvar med sitt, både på heimebane og blant venner (og av og til fiendar) Her er både søvnproblem, trøblete forhold til foreldre, utruskap, mobbing, eteforstyrring, låge sjølvbilder, kjærleikssorg, rusproblem og omsorgssvikt. På den andre sida finn ein også lukkelege kjærastar, bekymra foreldre som bryr seg, kjærlege bestefedre, venner som held saman i tjukt og tynt og ikkje minst ein ukueleg vilje til å kjempe mot ondskapen. Viss ein berre kunne finne ut kva som eigentleg skjer.

Boka er svært spennande, og eg likar måten den avslører hendingar og personar litt etter litt. Ein får både patiar og antipatiar til dei som er med, og antipatien rettar seg ikkje berre mot dei "onde"... Og kven er eigentleg dei onde? Kven er det som står bak dei mystiske drapa? Spenninga aukar utover boka, i rykk og napp, og når ikkje spenningstoppen før rundt side 500. Heilt supert!

I løpet av historia dukkar det stadig opp små hint og gjenstandar som der og då verkar uforklarlege. Nokre av dei er med på å forvirre både hovudpersonane og oss som lesarar. Likevel dukkar det sakte men sikkert opp ei forklaring, og når ein etterpå ser tilbake på fortellinga, virkar alt plutseleg så opplagt og logisk. Men det ser ein altså ikkje før etterpå...

Det  eg ikkje likte med boka, er at den knyttar mykje av ordbruken og mystikken ganske nær til den type spiritualisme og okkultisme som vi kjenner frå den verkelege verda. Då snakkar eg ikkje om dei ulike kreftene som personane får, for dei er så heilt klart fantastiske at dei er umogleg å tolke inn i verkelegheita. Det er bruken av ord som heks, demon og spåteikn (som å lese i linjer i hendene, eller kaste "tenner" på bordet og spå ut frå korleis dei landar). Det dukkar opp ein alternativbutikk i Engelsfors, og mange av dei tinga ein finn der og som mor til den eine hovudpersonen driv med, liknar svært på ting ein kan møte på skikkeleg.

Dette er likevel ikkje med på øydeleggje historia, eg syns berre det er unødvendig. For meg som vaksen lesar er det ingen problem å skilje fantasi frå virkelegheit, og det vil nok ikkje vere problematisk for dei fleste unge lesarane heller. Dessutan er dei fleste referansane så overdrivne og dregne ut i fantasien, at ein slår heile linken frå seg.

Alt i alt var "Sirkelen" ei spennande og velkomponert bok, og eg gler meg til den neste kjem ut!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar