fredag 2. mars 2012

Gudgitte babyar eller... verdilause "ting"?

Indignasjon er den kjensla eg som regel sit att med etter å lese artiklar og innlegg som handlar om abort og menneskeverd i aviser. Slik var det også etter at eg hadde lese denne artikkelen i avisa Vårt Land: "Leger mener det er greit å drepe nyfødte". Legane som er omtala er australske, og kallar det for ein "etter fødselen-abort".

Vidare hevdar legane at det ikkje er nokon forskjell på å abortere eit foster og ta livet av ein nyfødt baby. Eg kunne faktisk ikkje vore meir einig. Forskjellen på meg og legane er konsekvensen vi tek av denne sidestillinga: Legane meinar at det dermed er ok å ta livet av babyar også etter at dei er født. Min konklusjon er stikk motsett: Begge deler er like gale.

Det heile vert endå meir absurd når legane innrømmer at både foster og nyfødte er menneske, men at dei endå ikkje har fått "ein moralsk rett til å leve". Dei har ikkje blitt "personar" endå. Ikkje personar endå? Då har dei ikkje møtt mine born, i alle fall. Dei har hatt kvar sin heilt utprega personlegdom, og den hadde dei allereie inne i magen, frå dei første teikna vi kunne kjenne til liv. For eksempel har Lise vore ein livsnytar heile sitt liv. Ein roleg baby i magen, og fortsatt veit ho å finne seg til rett alle stadar der det er koseleg å vere... Jens var meir aktiv, og slik har det fortsett.

Hæ? Er eg ikkje ein person, seier du? I all verda...
Dessutan vil vi møte på ei anna problemstilling, viss vi tek legane sine meiningar alvorleg: Akkurat NÅR kan ein seie at borna har fått ein "personlegdom", og dermed vunne retten til å leve? Når dei får si første tann? Når dei seier sitt første ord? Når dei har lært seg å køyre bil?

Det er igrunn same problemet som dei har, dei som hevdar at barnet i magen ikkje er eit ordentleg menneske. NÅR vert det då eit menneske? Når det vert født? Når det er tolv veker? Og kva er det i så fall som har endra seg så dramatisk i forhold til dagen før, eller dagen før der igjen?

Nei, det enklaste (i alle fall moralsk sett, om ikkje politisk eller populistisk) er å seie at eit menneske er eit menneske uansett, og alle menneske har rett til å leve. Om vi har vore i magen i 3, 13 eller 39 veker, eller om vi er nyfødte, 19 år eller 78.

I Bibelen kan vi i alle fall lese at det er slik Gud ser på oss, så kvifor i all verda skal vi tenkje mindre om oss sjølv?

2 kommentarer:

  1. Hei,
    Eg sit her i Hong Kong og har lest om rapporten her og. Men her er det ei anna vinkling av saken. Mens den i VL og TV2 seier: "Forskere sier det er i orden å drepe nyfødte babyer" er saken her noe som ligger skjult nede i teksten hos TV2, nemlig: "Å ende livet til en nyfødt baby er ikke annerledes enn å ende livet til et foster i en kvinnes livmor."
    I eit intervju med redaktøren for tidsskriftet dei publiserte artikkelen i, seier han at forfattarane ikkje ein gong seier om dei er for eller imot slik "etter-fødselen abort". Men dei brukar alle dei same argumenta som blir brukt for å forsvare abort og viser dermed kor slik argumentasjon kan enda.
    (FYI: Forfattarane seier i artikkelen at kor tid ein kan reknast som heilt og fullt menneske må avgjerast av psykologar og andre fagfolk då det kan vera store individuelle forskjellar...)

    SvarSlett
  2. Så det du seier er at forfattarane ikkje tek stilling til kva som er rett eller gale, men ynskjer å vise korleis argument for abort på foster også kan brukast til å argumentere for "abort" på nyfødde? I så fall vil det endre mi oppfatting av teksten, frå å vere eit heller umenneskeleg framlegg, til å bli eit interessant innlegg i abortdebatten. (Sjølvsagt farga av min ståstad...)

    Dette viser kor mykje journalisten sin kontekst og tolking av andre sine tekstar har å seie for kva vi som lesarar får med oss. Det er jo ikkje alltid at ironiske, sarkastiske eller spissformulerte debattinnlegg skrivne i andre kulturar vert oppfatta på riktig måte av oss.

    Takk for opplysningane!

    SvarSlett