fredag 7. september 2012

David, Goliat og litt til

Dei fleste av oss kjenner til historia om gjetarguten David som går ut for å kjempe mot den svære filistarsoldaten Goliat. David har vokse opp på den vesle staden Betlehem, godt inne i det israelske landskapet, og filistarane har vore ei plage i ei årrekke. Det er difor ei stor lette at David nedkjempar Goliat, og gir mot til den israelske hæren. Dei jagar vekk filistarane, og opplever ei tid med siger over fiendane sine.

For David sin del er gleda midlertid kortvarig. Han vert ein nasjonalhelt, og menneske lagar songar om sigrane hans i krig. For kongen, Saul, er dette ei hard nøtt å svelje. Han prøver å drepe David, og den unge mannen må flykte. Til slutt ender han opp i byen Siklag, inne på filistarane sitt område.

Og det er no det kjem, det som har fått meg til å skrive dette innlegget i det heile: David vinn over filistarane, men må rømme frå Saul. Og kor er det han søkjer tilflukt? Hos filistarane!

Tidlegare i år las eg ein bokserie om Julius Cæsar. Der lærte eg mange ting som ofte ikkje får plass i historiebøkene, om barndom og ungdomstid, og korleis vegen fram til keisermakta var. Vi høyrer om dei store kongane og krigarane, og korleis dei leier folket sitt, men forhistoria får gjerne ikkje like mykje plass.

Kong David er ein slik person for meg. Eg har lest mykje om kampen mot Goliat, og eg visste han måtte rømme frå Saul. Og så er det som eit tomt hol i historia, før han dukkar opp på trona som den store kong David, diktarkongen og krigarkongen, som leier Israel inn i sjølve stordomstida for landet.

Dette kunnskapsmessige 'holet' om kong David har eg prøvd å fylle i det siste, ganske enkelt ved å lese om han i 1. Samuelsbok. Der står det, veit du!

Som nemnt var det særleg ein ting som overraska meg, nemleg dette at David søkjer tilflukt hos filistarane, og får busetje seg i byen Siklag saman med alle dei krigarane og familiane deira som han har med seg.


Og det er ikkje berre det at han fekk søke tilflukt hos dei. Akkurat det kan jo skje i mange tilfeller, at ein tidlegare fiende får amnesti og busetje seg på territoriet til tidlegare fiendar. Napoleon, for eksempel, prøvde jo på akkurat dette. Han såg for seg ein alderdom på eit sideliggjande gods i England, då ting begynte å "butte imot" i heimlandet. Difor reiste han til England og overgav seg. Akkurat i hans tilfelle gjekk det ikkje så godt som han hadde tenkt. Han fekk riktignok busetje seg på engelsk jord, men hadde vel sett for seg noko anna enn ei lita øy langt sør i Atlanterhavet...

David reiser til Gat, til sjølve hovudsetet for filistarkongen, og vert teken godt imot. Han får busetje seg i ein av landsbyane der, og filistarkongen, Akisj, set han til og med som sjef for livvakta hans 'for alltid'! (1. Sam 28, 2) Snakk om tillit! Akisj rekna med at David var så hata av sitt eige folk, at han var 100 % til å stole på. Akisj vil difor også ha han med i krig, mot.... Israel! Og David, kva svarar han då? Joda, han vert med!

Det einaste som hindrar David i å gå til krig mot sitt eige folk, er feltherrane til filistarane. Dei stoler ikkje på David, trass i at kongen deira går god for han. Feltherrane er redd for at David vil snu seg mot dei midt i kampen, og på den måten få godvilje hos Saul att. Dette er levande historie! Dette er reell krighistorie, menneske som legg planar, diskuterer taktikk og strategi og må ta alle forbehold. Desse menneska har så mykje til felles med dagens offiserar, at vi eigentleg burde sett oss ned og grine på menneska sine vegne: At vi ikkje har klart å komme eit einaste steg vidare på så mange tusen år!

Heile krigen endar med at Saul og sønene vert drepne, og David får melding om krigsutfallet heime i Siklag (etter først å ha måtta berge familien sin og familiane til mennene sine ut av hendene til egyptiske soldatar som har plyndra Siklag medan David var i krig)

Eg elskar slik historie! Eg elskar å sjå menneska som er bak, sjå kva dei tenkjer, kva dei strevar med og kva dei opplever. Vegen til trona var ikkje ein veg på raud løpar for David. Han hadde adskillige erfaringar med seg i bagasjen då han omsider kunne setje seg på trona som den største kongen Israel nokon gong hadde.

Eg er klar over at ikkje alle deler mi interesse for slike detaljar... Til litt meir allmenn glede kjem eg difor her med ein link til ei fantastisk side som eg kom over medan eg leita etter eit kart som viste kor byen Siklag låg. Sida heiter "The brick testament", og der er det lagt ut ei mengde bibelhistorier illustrert med legofigurar. Dette bildet her for eksempel, som viser augeblikket der David får beskjed om Saul sin død:


Og i fortsetjinga, der David "kills the messenger", fordi det viser seg at det er han som gav Saul det siste, dødelege hogget. Ein hard kultur, med ei fascinerande historie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar