tirsdag 6. november 2012

Verdivalet

Det er mange ting som undrar meg når det gjeld USA, både når det gjeld meiningar enkeltpersonar kan ha og når det gjeld korleis store veljargrupper meiner landet best kan styrast. Ideologien som pregar landet, er på mange måtar fjern frå mitt norske hovud. For eksempel har eg lenge undra meg over dei sosiale forskjellane, ikkje at dei er der, men at dei i så stor grad er godtekne av mange amerikanarar. Det er mykje "kvar mann for seg"-tenking ute og går, særleg i den republikanske leiren, men også hos demokratane.

Ein ting som eg har vore oppteken av i årets valkamp, og fått med meg ein del meiningar om, er korleis pro-life-grupper argumenterer for å få folk til å stemme på Romney. Argumentasjonen dreier seg rundt Obama sitt syn på fri abort, som kolliderer med mange veljarar sitt verdisyn. Og eg er slett ikkje ueinig med dei, for dette er eit tema eg er veldig oppteken av sjølv, og som eg gjerne skulle sett at leiaren i det mektige landet hadde handtert annleis.

Likevel forundrar deg meg at anti-abort-gruppene heller vil ha Romney, for han er ikkje akkurat nokon pro-life mann han heller. Viss vi ser på kva han tenkjer om sosial støtte, og synet hans på dødsstraff, så får eg som pro-life-tilhengjar bakoversveis.

Etter mitt syn handlar pro-life også om dei som allereie er fødde. Det er like galt å drepe ein kriminell, som det er å drepe eit foster. Det er like galt å la menneske leve under uverdige forhold, la dei bli gjeldsslavar på grunn av helseproblem og la folk gå utan gode helsetilbod, fordi dei ikkje har råd, som det er galt å gjere livet vanskeleg for  ufødde barn.

Pro-life handlar om heile livet, frå livet startar ni månadar før fødsel, og til ein døyr. Alt i mellom der handlar om livet, og skal ein vere ekte pro-life, må ein verne om dei fødde også.

Dermed står vi tilbake med to kandidatar som er like ille og like gode, kvar på sitt felt. Amerikanarane står altså ovanfor eit val mellom to "onder" (i pro-life-samanheng), og må velje den dei meiner kan gjere livet betre for flest. Eg er ikkje i tvil om kven eg sjølv ville valt, sjølv om eg gremmast over synet på ufødt liv.

Heldigvis er ikkje dette eit val eg treng å ta...

1 kommentar:

  1. Godt blogginnlegg til ettertanke! Må nesten dele det her vidare :)

    SvarSlett