torsdag 17. januar 2013

Livsvern i skulen

Eg har fulgt litt med på debatten rundt Kvitsund Gymnas og etikkundervisninga ved skulen. Ein elev har klaga på undervisninga, og eit av punkta som er klaga på, er at dei lærer at abort er drap.

Kunnskapsministeren er på bana, og etter avisoverskriftene å dømme, reagerar ho voldsomt på det ho høyrer om undervisninga, og eg har lest forslag om å trekkje statsstøtta til skulen viss den ikkje underviser slik alle andre skular gjer. No var det sjølvsagt fleire ting i undervisninga enn abort det vart reagert på, og kva som vart reagert mest og minst på, og om det som står i avisene er rett, det kan eg ikkje uttale meg om.

Eg vil likevel hengje meg opp i to ting. For det første dette med truslar om å trekkje statstøtte viss skulen ikkje underviser slik regjeringa meiner ein skal undervise. Det luktar av forslaget... det luktar statsmakt og totalitært styre. (Og sjølv om eg slett ikkje trur at skulen vil miste noko støtte, at det berre er politikarar som er ute og raslar med lenkene, så er det ikkje noko kjekt å vere vitne til. Eit einsretta samfunn er vel ikkje den type samfunn vi ynskjer oss, er det vel?)

Det andre eg vil kommentere, er dette med abort og drap. Ein går på ein knivsegg når ein brukar dei to orda i lag, og ein bør nok ikkje slengje dei ut saman i utide. Likevel, kva skal ein seie på ein kristen skule, som skal undervise i kristen etikk, der ein skal lære unge menneske dei kristne normene og om det kristne menneskesynet? Kva ord skal ein bruke, når ein står der og skal snakke om provosert abort og skal halde fram det kristne menneskesynet. Kan ein kalle det for noko anna enn det det er?

Og om vi dekkjer det til, i etikkundervisninga på vidaregåande, blant unge menneske som er i sluttfasen av si identitetsbygging og snart skal ut og styre samfunnet, kva oppnår vi? Det blir berre tåkeprat og bla bla, og ein kjem ikkje eit steg lenger enn i klasserom som underviser etter den rødgrønne pipa. Kven skal kjempe for dei svakaste, om ikkje dei kristne skulane?

Sjølv jobbar eg i ungdomsskulen, og ein offentleg sådan. Og så er eg naturfaglærar, og skal snart, denne våren, undervise elevane mine i seksualitet, prevensjon, svangerskap og... abort. Og eg verken kan, eller forsåvidt har lyst til, å stå framfor femtenåringane mine og snakke om fosterdrap (med mindre dei spør meg direkte om eg meiner det er drap, då, sjølvsagt. Då skal eg sjølvsagt forklare dei mitt syn på saka!)

12 veker
Eg har vore gjennom desse emnene ein del gongar før, og har tenkt nøye gjennom dette med undervisning i livsvern. Det er ei sak eg brenn for, og ei sak eg veldig lett blir veldig engasjert i. Og kanskje litt for lett let kjenslene kome på bana. Utfordringa er: korleis undervise i livsvern utan å trå over streken?

Eg gjer det slik: I samband med svangerskapsundervisninga viser eg Lennart Nilsson sin fantastiske film "In the womb", som viser bilder av barnet si utvikling frå unnfanging og fram til fødsel. Så ser vi på bilder av foster som er for eksempel 15 veker, og ber elevane identifisere kroppsdelar. Og det same på bilder av 12 veker gamle foster, og 10 veker, og 8 veker osv. Og så stille spørsmålet: På kva for eit tidspunkt startar dette fosteret å vere eit menneske?

Eg trur kunnskap er heile nøkkelen til å bekjempe dei høge aborttala. Viss ungdomane vert medvitne om at fosteret er eit menneske heile vegen, og at det er umogleg å setje ei grense som kan forsvarast, håpar eg at dei tenkjer seg ekstra godt om før abort i det heile vert eit alternativ.

Dette er sjølvsagt berre ein liten del av etikkundervisninga på dette området, alt som vert sagt om foster og menneskevern er med på å påverke elevane, og eg har trua på at sjølv om eg ikkje brukar ordet drap, så er eg med på å fremje menneskeverdet ved jobben eg gjer. Og kanskje redde eit menneskeliv eller to.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar