fredag 18. januar 2013

Siger - med smak av syre

Det er ikkje noko kjekt å lese om Lance Armstrong og korleis han juksa seg til siger i Tour De France i ei årrekke. Eg sat sjølv og såg på delar av nokre løp der han vann, og var imponert over prestasjonane. Tenk så god syklist han må vere, som vinn så ofte!

Og så får vi dette rett i fjeset. Doping. Juks. Ein mann utan skruplar, som vil vinne for ein kvar pris. No betalar han den høgste prisen av dei alle, for kven er det som er imponert over Lance Armstrong no? Kven ser på han som ein sykkelhelt?

Eg undrar meg på kva han kan ha tenkt då han stod på toppen av sigerspallen og mottok hyllest frå folkehavet og millionar av tv-sjåarar verda over. Kjente han glede? Kunne han juble (på ekte) og feire og tru at han var verdas beste syklist (slik resten av oss trudde)? Eg undrar meg på...  Skal tru om ikkje sigeren hadde ein litt vond bismak, og om samvitet stakk i han somme tider.

Eg har ofte lurt på det same når det gjeld elevar som juksar på prøvar. Eg har sjølv hatt den ikkje så fornøyelege gleda av å avsløre juks på både stilar og prøvar, og den påfølgjande vonde samtalen med ein elev som sit med nedslegne auger og raude kinn, og mest av alt ville krympe inn i seg sjølv og forsvinne gjennom eit sluk i golvet.

Men kva med dei som ikkje vert tekne? Dei som sit med ein ferdig vurdert stil mellom hendene, eller ein prøve med god karakter, og veit, inst inne i seg sjølv, at denne karakteren er ikkje fortent. Den er juks og bedrag. Kan dei glede seg over karakteren? Kan dei gå glade heim frå skulen og stolt vise fram stilen heime og seie: Sjå, eg fekk det til!


Eg trur slike sigrar har ein vond ettersmak. Av syre.

(Bilete frå www.dollarperhead.com og www.wikipedia.org)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar