mandag 28. januar 2013

Om å ta eit eige standpunkt til trua

(Den fyljande teksten er manuset til ein appell eg holdt for nærare femti konfirmantar på konfirmantweekend i helga som var. Ein livleg og herleg gjeng, og ein leir som eg håpar har sett spor i både tankar og hjarte) 
 
De er no midt inne i ein av dei viktigaste fasane i livet. De er ikkje barn lenger, og gradvis skal de no inn i den vaksne verda, og lære å stå stadig meir på eigne bein. Identiteten skal formast, haldningar skal byggast og alle dei tinga som gjer deg til deg, må vurderast og målast og vegast. Er det godt nok? Held det? Er det slik eg er, eller vil eg vere annleis? Har eg eit val i forhold til korleis eg vil vere?

Trua er ein viktig del av vår identitet, og den har blitt forma heilt sidan de var små. Det er foreldra dykkar som hittil har lagt dei viktigaste premissane for kva de trur og kva haldningar de har. Dei har bedt kveldsbøn med dykk, eller ikkje. Dei har sunge kristne barnesongar for dykk. Eller ikkje. Dei har teke dykk med på møter og gudstenester. Eller ikkje. De har fylt dei, og dei har vore med og forma di tru.

No skal du stå på eigne bein. Du må ta dine eigne val. Det er ikkje lenger godt nok å lene deg til det foreldra dine seier og trur og meiner. Du må finne ut – sjølv – kva du trur er sant. Legge dine eigne tankar og di eiga tru inn i smelteomnen, og teste kvaliteten. Held det du har lært? Må det endrast?

Eg har også gått gjennom den fasen i livet, for snart 20 år sidan. Den gongen var det eg som sat i sofaen på konfirmantleir, og var i ferd med å bygge min eigen identitet. Nokre delar av identiteten min var alt forma, blant anna hadde eg allereie beslutta at eg ynskte å vere kristen. Ikkje fordi foreldra mine var det. Eg visste at om dei den same dagen hadde slutta å vere kristne, så ville eg fortsatt vere det. Eg ville ikkje gje slepp på det eg hadde funne.

Eg valte det heller ikkje fordi eg absolutt likte så godt å gå i kyrkja eller på bedehuset. Nokre gongar var det kjekt, andre gongar var det keisamt. Det spelte inga rolle. Grunnen til trua mi hadde eg funne i denne boka, i Bibelen. Her møtte eg ein Gud som fortalte meg akkurat korleis eg er. Og Gud skildrar korleis Han er sjølv, og det bildet eg har av Gud, mitt Gudsbilde, vart forma ut frå det eg las. Når eg las i Bibelen, vart eg kjent med Jesus, og trua på at Jesus er Guds son, at han døydde for mine synder og at han stod opp att og har gitt meg del i det evige livet, har slått rot i hjartet mitt og er no umogleg å ta ut. Eg kan ikkje sjå for meg ei verd der Gud ikkje finst og Jesus er fantasi, ganske enkelt fordi eg trur det er sant det som står her. Det er ei sikker tru, og eg har endå ikkje møtt eit einaste argument som har fått meg til å tvile på at det som står i Bibelen er sant. Og tru meg, eg har høyrt mange argument!

Så er spørsmålet: Kvifor skal du vere ein kristen? Kvifor brukar eg og dei andre leiarane her på leiren fritida vår for at du skal få komme på leir og høyre om Jesus? Svaret er enkelt: Fordi vi trur det er sant. Og fordi vi trur de har bruk for det som står her. Det kan forandre livet ditt, og gje det ei heilt ny retning.

Dessutan trur eg at det som står her er den einaste sanninga. Det finst ikkje mange vegar til Himmelen. Det finst ikkje mange vegar til Gud. Det finst berre ein, og det er gjennom Jesus.

Det finst kanskje mange ulike meiningar om Jesus og Bibelen og kristendomen blant dykk. Nokon av dykk er veldig avvisande til det å lese i Bibelen, har eg fått med meg i RLE-timar på skulen, medan andre av dykk er meir opne. Og eg er ganske sikker på at ein del av dykk som sit her anten har bestemt dykk for å vere kristne, eller tenkjer at det kanskje ikkje hadde vore så dumt.

Eg vil avslutte med to oppfordringar. Først ein til deg som er skeptisk, utan kanskje å vite kva du er skeptisk til: Les i Bibelen. Les om Jesus, les om kva det vil seie å vere ein kristen og tru på Gud. Først då, når du veit kva det eigentleg handlar om, kan du gjere deg opp eit standpunkt på ærleg grunnlag. Ikkje la andre fortelje deg korleis Bibelen er, finn det ut sjølv!

Og så eit tips til deg som kan tenkje deg å vere kristen. Les romarbrevet 10, vers 9, og romarbrevet kapittel 12. I det første verset står kva som skal til for å bli ein kristen, og i kapittel 12 kjem ei ganske grei oppskrift på korleis vi bør leve som kristne. Les det om att og om att, og la deg forme av orda!

Altså: Romarbrevet 10, 9 og Romarbrevet 12.

1 kommentar:

  1. Applauderer!! Fantastisk bra apell til de unge. Jeg håper mange lot det synke inn!! Gud velsigne deg!

    SvarSlett