søndag 21. juni 2015

Lengtande blikk

1 
desse lengtande blikka,
orda som aldri får tak;
eg strekk hendene fram
grip det hjartet attrår
og trykkjer det tett til brystet,
legg det forsiktig
saman med alle mine skattar

og dei lengtande blikka
i mørket – flammar som strekk seg
stadig nærare;
eg veit utfallet av denne kampen
men kan ikkje anna
enn vakte kammeret
dag ut, dag inn, år etter år

lengtande blikk, kva er det de vil,
kvifor stemner det meg
som for retten?
dagar går, veker går
eg er ein skugge av meg sjølv,
låst til denne døra
og alle skattane – mine vakre skattar
på andre sida, som magnetisme



2
ikkje før eg vaknar siste natta
og kjenner att dei lengtande blikka
som mine eigne,
ikkje før orda trengjer gjennom
frå min eigen munn
og eg forstår; eg er aleine –

ikkje før eg riv opp boltane
låser opp kvar einaste lås
og skyv opp døra,
ikkje før eg ser at døra er ein fasade,
bak finst det ingenting – alt er borte;
ikkje før eg ser at alt eg vakta
var luft
vert eg fri



Matt 16, 26: Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?



1 kommentar:

  1. Sterkt!
    Takk at du deler!

    Ynskjer deg ein god dag i ditt liv :-)

    SvarSlett