lørdag 2. desember 2017

Thorvald Steen: Det hvite badehuset


Eg blir glad kvar gong det kjem ei ny bok frå pennen til Thorvald Steen. Då veit eg at eg har nokre timar med kvalitetslesing framfor meg!

Slik var det også denne gongen, med boka «Det hvite badehuset». I sin sedvanleg rolege stil, prøvar forfattaren denne gongen å nøste opp nokre lause trådar i si eiga fortid. Forfattaren lid av ein muskelsvinnsjukdom. Når han ein dag får ein telefon frå si ukjente kusine, som kan fortelje at også onkelen og bestefaren hans hadde same sjukdom, er interessa vekt. Forfattaren ynskjer først og fremst å finne ut kvifor mora og mormora aldri snakkar om bestefaren, og kvifor han aldri har fått vite at han har ein onkel.

Forfattaren prøvar å få mora i tale, men det er ikkje enkelt å få ho til å seie noko. Han anar at det kan liggje både skam og smerte bak dette valet om å teie, så han prøvar å finne informasjon andre stadar også. Heile vegen reflekterer han over sin eigen situasjon, og han reflekterer også over dette med å vidareføre sjukdomsgen. Samtidig som forfattaren får vite meir om fortida, tek han lesaren med inn i framtida, og får oss til å tenkje over eigne verdiar og val, og kva som skal til for å fylle eit menneskeliv med verdi.

Det er ei djup og roleg bok, og ei bok som tek opp viktige spørsmål som dei fleste av oss har godt av å reflektere over! Hermed anbefalt! 


1 kommentar:

  1. Enig med deg, dette er en veldig bra bok. Han har skrevet mange fine bøker

    SvarSlett