torsdag 28. desember 2017

Det store alvoret - 2



For ei stund sidan fekk eg servert eit klassisk spørsmål frå ein person som ikkje er kristen: «Trur du, som er kristen, at eg kjem til helvete når eg dør?»

Dette er eit rimeleg seriøst og alvorleg spørsmål, og eit spørsmål det er vanskeleg å gje eit «mildt og snilt» svar på. Svaret er jo «Ja», men det verkar så brutalt å berre seie det slik, rett ut.

Eg måtte gå nokre rundar med meg sjølv, lese litt kva andre har tenkt om same spørsmål og sjølvsagt først og fremst les i Bibelen kva som faktisk står. Den er utvetydig klar på at livet har to utgongar, og berre ein av desse utgongane er å føretrekke. Og den einaste måten å komme seg ut den gode vegen, er gjennom Jesus.

No er ikkje eg teolog, og kan difor ikkje skilte med noko fagleg tyngde i slike spørsmål. Likevel har eg lest mykje i Bibelen, og høyrt mykje forkynning om det same emnet. Det som kan slåast fast med ein gong, er at der er ulike meiningar i denne saka, og Bibeltekstar vert tolka ulikt. Eg ynskjer difor å gjere reie for korleis eg sjølv tenkjer om spørsmålet, ut frå mi tru og mine kunnskapar. At mange kristne tenkjer annleis, tek eg som gitt.

Berre for å halde det litt ryddig for meg sjølv, nummerer eg avsnitta under her, slik at eg får litt oversikt...

1)      Først til sjølve spørsmålet. Ut frå mitt verdsbilete, som eg har ut frå mi kristne tru, så spelar det ikkje så stor rolle kva eg meiner om spørsmålet. Eg trur at der finst noko som er absolutt sant, og dermed upåverkeleg av mine meiningar, og noko som er absolutt ikkje-sant. Så uavhengig av om den kristne læra stemmer eller ikkje, så er det sjølvsagt ikkje MI meining i dette spørsmålet som er teljande. Eg kan ikkje «dømme» nokon til helvete, eller avgjere at nokon ikkje skal komme dit. Noko står fast som ei absolutt sanning, uavhengig av meg. Så gjeld det berre å finne ut kva denne absolutte sanninga er, då. Og det er ikkje så lett…

2)      Så ei lita avklaring om kva Bibelen seier at helvete er. Erfaringsmessig vil mange som spør dette spørsmålet, og som ikkje kjenner så godt til den kristne læra om livet etter døden, automatisk sjå for seg helvete som ei slags lavagrotte med brennande flammar og massevis av smådjevlar som går rundt og plagar dei ulukkelege som har hamna der. Dette bildet kjem frå middelalderkunsten, og ikkje frå Bibelen. Bibelen nemner riktig nok ein brennande ildsjø, og denne ildsjøen er berekna på «djevelen og hans englar», det vil seie onde ånder o.l. Andre stadar står det om kva som vil skje med dei som ikkje trur, og mange stadar er ild nemnt. Men: Det er altså ikkje snakk om slike «lavagrotter», det er snakk om ein eld som fortærer, altså utslettar det som brenn.

3)      Den kristne læra om livet etter døden er, slik eg forstår den, om lag slik:

a.      Når ein dør, anten ein trur eller ikkje, så vert sjela oppbevart fram til det som vert kalla for dommens dag – altså ved enden av tida. Jesus kallar dette for ein slags søvn, der menneska er i eit slags ventemodus.
b.      Ved dommens dag skal alle menneske bli kalla fram for Gud. Det står mykje om oppstoda i Bibelen, og det står at ein skal få ein ny type kropp i oppstoda. Mens vi lever her på jorda vert cellene i kroppen vår heile tida bytta ut, og vi tilfører nye atom heile vegen gjennom maten vi et. Kroppen kan altså bestå av kva celler som helst, og altså ikkje dei nøyaktig same cellene ein hadde då ein døydde! Det som er viktig, er sjela – det som gjer deg til deg (personlegdomen din)
c.       Så vil menneska bli delt i to: Dei som trudde på Jesus, og dei som ikkje trudde. Dei som trudde, vil få evig liv, dei som ikkje trudde, vil få evig død.
d.      Den evige døden det er snakk om, er eit totalt fråvær av Gud. Sidan kristne (og eg, då) tenkjer at det er Gud som har skapt livet og held det oppe, vil eit totalt fråvær av Gud vere uforeinleg med liv. Den evige døden er altså ein tilstand av ikkje-eksistens, det vil seie total utsletting.

4)      Som du ser av det eg skreiv i punkt 3 d), liknar den kristne tanken om helvete altså på den tanken humanetikarar har om livet etter døden – altså ein tilstand der du som person dør, sluttar å eksistere og aldri meir vil eksistere. Slik sett kolliderar ikkje den kristne læra om helvete med det mange ikkje-truande tenkjer om livet etter døden – altså at der IKKJE er eit liv etter døden!

5)      Det som skil kristen tru frå humanetisk tru, er det håpet vi har om evig liv ved å tilhøyre Jesus og tru på hans død og oppstode. Eg trur altså at der finst ein utveg frå fortapinga – ikkje-eksistensen – ved å følgje Jesus.

Oppsummert: Når eg fekk dette spørsmålet, vart det altså spurt om eg meiner at livet etter døden er slik humanetisk lære, og den kristne læra om helvete, seier. Og svaret mitt er ja. Men dette er berre ein liten del av mi tru! Eg er ikkje så oppteken av å fortelje folk om kva som kan gå gale, det er mykje viktigare å fortelje om kva som kan gå bra! Det er langt viktigare for meg å fortelje om Jesus, soninga på korset, oppstoda frå grava, himmelhåpet og livet saman med Jesus. Difor er det også dette eg fokuserer på når eg til dømes har andakt på KRIK eller på bedehuset eller samtalar med folk om tru. Bibelen er klar på at Guds fremste ynskje er at alle menneske skal bli frelst, og det er denne frelsa som bør få vårt hovudfokus.

Og som eg skreiv i punkt 1, så handlar dette om at det finst noko som er absolutt sant, og noko som ikkje er det. Og dette er heilt uavhengig av kva eg eller du trur! Ein gong vil det vise seg korleis alt heng saman. Om den humanetiske læra stemmer, vel, så er det over og ut for alle. Om den kristne læra stemmer, så vil det skje eit skilje: Dei ikkje-truande får det dei satsar på (ikkje-eksistens), medan dei som trur på Jesus får det dei satsar på (evig liv). Det kan sjølvsagt også godt hende at eg tenkjer heilt feil om kva helvete er.

Innan konservativ kristendom, som er ei retning eg sjølv identifiserer meg med, er det vanleg å tenkje at helvete er ein evig tilstand av pine – altså hakket verre enn det eg har skildra over. Nokon vil kanskje hevde at eg med mi tolking tek «for lett på» læra om helvete, eller at eg gjer det for «snilt». Til det vil eg berre seie: Det er ingen ting i denne verda som skremmer meg slik som tanken på ikkje-eksistens. Når humanetikarar snakkar om at døden er punktum, eller når vi kristne snakkar om ei æve borte frå Gud, så er dette dei gongane eg er nærast ved å kjenne på panikkangst. Tanken på eit univers og ei tid som vil fortsette i all æve, og eg er borte for alltid, ingen hugsar meg, ingen vil vite om at eg har funnest og ingen spor av det som var «meg» vil vere å finne  - i all æve. Denne tanken er stor og totalt umogleg for hjernen min å hanskast med. Tanken driv meg til Jesus, i bøn, og takk og lov at eg har Jesus å gå til med min redsel!

Og her vil eg ende denne tankerekka; ved kjernen, sentrum, origo for mi tru: hos Jesus. Uavhengig av kva som er rett eller feil å tru om fortapinga, er det viktigaste: Har du Jesus, har du gripe hans utstrakte hand, teke mot nåden og tilgjevinga og går gjennom livet i trua på hans soning og oppstode, vil ikkje fortapinga ha noko makt over deg. Du er frikjøpt, du har fått det evige livet i gåve og ingenting kan rive deg ut av Jesu hender!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar