lørdag 28. mai 2011

Det som er bra

Gårsdagens innlegg vart eit einaste langt sukk. I dag tenkte eg at eg skulle snu flisa, og sjå på alle dei positive sidene ved kyrkja og kristenliv i Noreg. Eg kan sjølvsagt ikkje nemne alt, det er jo så mykje bra som skjer. Nok ein gong må eg ta utgangspunkt i eigne erfaringar og kunnskapar. Eg veit sjølvsagt lite om det andre opplever.

Eg vil begynne med bibelskulane. Bildøy, Grimstad, Acta, Fjellhaug, Fjelltun, Fjellheim osv. Det er så mange gode skular med dyktige og fokuserte lærarar. Sjølv kjenner eg best til bibelskulen på Bildøy utanfor Bergen. Dyktige lærarar som gjorde alt dei kunne for å gje oss unge håpefulle god innsikt i Bibelen og trua. Eit uvurderleg år, og slik opplever nok mange det.

Vidare har vi mange vidaregåande skular med kristent verdigrunnlag og ein stab som ynskjer å formidle kristenlivet til elevane. Mange ungdommar får på desse internatskulane møte andre truande ungdommar i eit trygt miljø. Her får ein regelmessig påfylling for trua. Viss ein vil. (Mange meinar dette er getto-skular, men om lag halvparten av dei som går på skulane er ikkje-truande. Det vil seie at fordelinga truande/ikkje-truande er annleis enn i samfunnet elles, men elles er det mykje likt.)

Så har vi mange misjonsorganisasjonar, som driv arbeid blant både barn, unge og vaksne, og som sender ut misjonærar til andre kulturar. Her driv dei både humanitært og forkynnande arbeid. Eksempel på dette er NLM, Normisjon, Misjonsalliansen, IMF. Sistnemnte sender ikkje ut misjonærar, men driv eit stort og viktig arbeid for blant anna barn og ungdom på mange leirstadar og lokallag.

Av andre organisasjonar, kan eg nemne KRIK, Søndagsskulen og NKSS (Laget).

Frelsesarmeen er eit kyrkjesamfunn med tydeleg profil, og eit utstrakt hjelpearbeid blant dei svakaste i samfunnet.

Norea radio og eit tital lokalradioar over heile landet, som kvar dag formidlar Guds ord inn i heimane.

Alle dei frivillige som gir av tida si til leirar, barnelag og foreningar, ungdomsklubbar og møter.

Alle trufaste besteforeldre og foreldre som kvar dag foldar hendene sine i bøn for born, borneborn og andre, og som dagleg deler Guds ord med borna sine.

Alle prestar som viser sjelesørgerisk omsorg for gamle og sjuke, som kvar søndag leiar kyrkjelyden i gudtenesta, og som døyper borna og deler ut brød og vin ved nattverdbordet.

Alle dei som kvar morgon ynskjer å ta sitt kors opp og fylgje Jesus, alle dei som ynskjer å dele trua si med andre. Alle dei som kvar kveld ber om nåde for dagens feiltrinn.

Alle dei som forsøker å elske sine medmenneske slik Jesus gjer.

Alle dei som elskar Jesus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar