fredag 20. mai 2011

Ny grunnlov i Ungarn

I går kunne vi lese ei gladmelding i avisa Dagen. Ved nyttår trer nemleg ei ny grunnlov i kraft i Ungarn, og denne grunnlova slår fast at menneskelivet skal beskyttast "frå unnfanginga av". For oss som er glade i barn, var dette ei svært god nyhende. I Ungarn går dei yngste av oss ei litt tryggare tid i møte, der beskyttelsen av menneskelivet altså skal gjelde heilt frå livet startar.

Eg meinar: Det skulle då også berre mangle! ALLE menneske skulle hatt krav på vern frå unnfanginga av. Eg er glad på ungarske babyar sine vegne, samtidig som eg veit at vegen fram til rettsvern for dei minste barna i dei fleste andre europeiske land dessverre er lang. Menneskevern og respekt for Guds skaparmakt er ikkje av dei dydane som står høgast i kurs i vår "moderne" verd. I staden bevegar vi oss stadig nærare eit sorteringssamfunn (Ja, altså, sorteringssamfunn har vi allereie, men det vert stadig meir hjarterått ovanfor dei svakaste av oss. Jfr. for eksempel debatten om endå tidlegare ultralyd. Kva skal det vere godt for, om ikkje for å kunne sortere vekk "uynskte barn" endå tidlegare og meir effektivt?)

I Sverige mistar helsepersonell no reservasjonsretten ved fosterdrap. Eit lyspunkt, om enn aldri så svakt, er det at ein biskop reagerar negativt på avgjerda (sjå denne artikkelen frå Vårt Land) Det er flott at det kjem protestar, men kva hjelper det i den store samanhengen?

Slike lover er til å grine av, og eg gjer det også. Neste gong vemodet kjem over meg, skal eg prøve å finne litt trøyst i Ungarn si lovgjevande forsamling, som vågar å gå mot straumen, og den svenske biskopen og andre som i det minste hevar stemma i protest når utviklinga går feil veg. Og så vil eg be for alle dei små babyane som lever i livsfare utan rettsvern. Og så vil eg be om at eg må våge å kjempe for menneskeverdet, uansett kva dei politisk korrekte og akk så kortsynte menneska seier.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar