søndag 29. mai 2011

Oppstoda og vitenskap

For mange er læra om oppstoda den største støytesteinen i møte med kristendommen. All menneskeleg erfaring seier oss at døden er irreversibel. Er ein død, så er alt liv borte. Så kjem kristendommen og hevdar det er mogeleg å stå opp att etter at ein er død! Ulogisk, ut frå all vitskapleg tenking.

Likevel er dette hovudpunktet i kristendommen. Viss ikkje Jesus har stått opp att frå døden, er all kristendom bortkasta, og vi som kallar oss kristne, dei største tåpene av alle. Slik er det vel mange ser på oss også, fordi ein ikkje reknar med oppstoda.

Spørsmålet blir difor: Kan oppstoda verkeleg ha skjedd? Kan Jesus ha stått opp att, trass i det umoglege i ein slik påstand? Eg kom over ein kronikk i Aftenposten i dag, der professor Janne Haaland Matlary reflekterer rundt akkurat dette spørsmålet. Her presenterer ho svært kloke tankar rundt spørsmålet, og set ord på ein del av dei tankane eg sjølv har kring dette spørsmålet.

Hovudsakleg meinar eg oppstoda er svært mogeleg, trass i at ein ikkje kan bevise den vitskapleg. Eg føreset trua på ein allmektig og skapande Gud, som har forma jorda og tilført alle naturlovene. Eg trur det var Gud som skapte gravitasjonskreftene, at det var Gud som sette fotosyntesen i gong, at det var Gud som bygde saman atomstrukturar, molekylstrukturar og cellestrukturar. Eg trur Gud bygde heile universet frå grunnen av, tilførte det orden og lovmessigheit, og konstruerte eit samspel så komplisert at det umogleg kan vere tilfeldig.

Gud har altså den heile og totale kunnskapen om universet, sidan han har laga det. Han veit kva som er utanfor vårt univers. Han veit kva som finst inni kvarkane i atoma. Han veit kvifor alle ting vert dregne mot kvarandre ved gravitasjon. Han har svaret på alle dei vitskaplege spørsmåla som vi endå ikkje har løyst. Han veit til og med svara på alle dei spørsmåla som endå ikkje er stilte! Eg trur Gud er ein meisterbyggjar, ein organisator av dei sjeldne (faktisk eineståande!). Og eg er utruleg glad for at han ikkje skreiv ei bok som han kalla "Slik fungerer alle naturlovene", slik at vi fekk fasitsvara opp i handa. I staden skapte han oss med ein ufatteleg komplisert hjerne, med evner til logisk tenking og forsking, og ei trong til å finne ut av verda. Takk, Gud, for at du skapte evna til å tenkje!

Denne Gud, med den fulle oversikten, skulle det ikkje kunne vere mogleg at han kjenner til lover som vi ikkje ein gong har tenkt på? Skulle det ikkje vere mogleg for han å vinne over døden, han som kjenner alt og veit alt? Eg trur Gud er mykje større enn alle våre tankar, same kor kloke dei skulle vere. For Gud er det inga sak å gå ut av dødsriket, og komme tilbake med ein herleggjort og forvandla kropp.

For våre hjernar er oppstoda umogleg. Vil det seie at den er umogleg for Gud?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar