søndag 22. mai 2011

Prest eller ikkje prest, det er spørsmålet

I dag skal ein mykje omtala prest halde avskjedstale i Vålerenga kirke i Oslo. Etter mange kontroversar og uttalar på tvers av kyrkja si linje, vart han i fjor haust sagt opp. Eg skal ikkje hive meg inn i den debatten. Eit anna spørsmål opptek meg mykje meir enn denne enkeltsaka: Kva vil det seie å vere prest?

Å vere ansatt som prest i den norske kyrkja skulle i utgangspunktet kvalifisere til å kunne kalle seg prest. Men kva om ein ikkje lever opp til den oppgåva ein har som prest? Er ein då prest lenger? Det er ikkje så enkelt å seie opp ein ansatt i ein organisasjon. Det skal vere mykje feil før ein går til det steget.


I den kristne kyrkja, og no tenkjer eg ikkje på Den Norske Kyrkja eller andre organisasjonar, er tydinga "prest" ei anna enn den meir snevre definisjonen "leiar for ein kyrkjelyd". I følgje Bibelen er alle kristne prestar (Sjå for eksempel Op 5, 10). Vi har alle, som Jesu etterfylgjarar, eit kall til å vere prestar for vår Gud. Liva våre skal vere vitne for han, og kvar dag ei gudsteneste til ære for Gud. Ein person som forfalskar Bibelen, talar mot Guds ord, fornektar Jesus og hans offer eller leier menneske vill, kan ikkje vere prest (Utan at eg no set meg som dommar over førnemnde prest, og seier at han har gjort dette. Eg kjenner ikkje godt nok til hans virke til å kunne uttale meg om det, eg veit berre det eg har høyrt i media).

Å vere prest er altså ei stillingsuavhengig teneste, knytt til det å vere etterfylgjar av Jesus. Det handlar ikkje om å vere hyrde for ein kyrkjelyd eller leie ei samling i ei kyrkje. I utgangspunktet. Heldigvis er det mange av dei ordinerte prestane som også er prestar på ekte, og prøver å leve etter Jesu lære.

Eit litt anna perspektiv: Eg kan i grunn ikkje forstå at personar som ikkje trur at Bibelen er Guds ord, eller ynskjer å leve som prestar for Gud, skulle ha noko interesse av å vere prestar i ei kristen kyrkje?

Til slutt eit dikt (ein song) som eg meinar fortel litt om den kristne, almenne prestetenesta:

Kvardagskristen vil eg vera
Syn for segn det krev Guds ord

Samklang mellom liv og læra

Det er himmelsong på jord

Som den djupe fjord kan greia

Spegla himlen høg og blå
Skal ein kvardagskristen spreia

Festglans kring det kvardagsgrå


Kvardagskristen, døypt til yrke

Fødd til kjærleik, skapt av Gud

Vigslar heim og hall til kyrkje

Kjøkenkrå og handelsbu

Mynt og vara får Guds stempel
Fals og fusk på døri må

Altarljoset i Guds tempel

Festglans gjev det kvardagsgrå


Sjå, der kjem ein sjuk og fattig

Der kjem ein som spør om råd

Der ein sviken, der ein hatig

- Her er nok for offerdåd!
Lokka smilen gjennom tåra

Så me himmelsk glans får sjå

Trengsla kring oss får forklåra
Festglans i det kvardagsgrå


Kvardagskristen vil eg vera
Syn for segn det krev Guds ord
Samklang mellom liv og læra

Det er himmelsong på jord

Og når så min kvardagsbunad

Skal for himlen skiftast om

Strålar bjart kring livsens kruna

Festglans i Guds herlegdom


(Dikt av Matias Orheim, 1916)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar