Ok, vi er midt inne i ein valkamp, og eg tillet meg å vere litt meir politisk enn eg plar vere. Eg står verken på liste eller er aktivt med elles, men som borgar med stemmerett, og som absolutt har tenkt å bruke den, har eg heldigvis lov til å hive meg ut i debatten. Eg elskar demokrati!
I dag vil eg gje nokre grunnar til å ikkje stemme på FrP. Dette er jo ei noko negativ vinkling, det beste er jo helst å seie kva ein ynskjer at andre skal stemme på. Og det er kanskje heller ikkje så bra å sparke nokon som allereie ligg nede, men all den tid dei frivillig legg seg ned sjølv... så...
Les for eksempel desse sakene frå Vårt Land:
- Seks av ti FrP-veljarar meinar Hagen har rett (i at dei fleste terroristar er muslimar)
- FrP-topp ville behandle muslimer psykiatrisk og forby islam. (I all rettferds namn vil eg her nemne at dette var i 2004, og at vedkommande beklagar dette i dag)
- FrP-topp meinte regjeringa sin innvandringspolitikk var årsaka til angrepa (i oslo og på Utøya)
Viss ikkje dette er å leggje seg ned og seie "spark meg", så veit ikkje eg. Heller ikkje leiinga i partiet si handtering av beskyldningane mot partiet etter terrorangrepet var ein innertiar. Mange litt dumme og lite gjennomtenkte kommentarar.
Difor er her mi liste over kvifor EG ikkje stemmer Frp:
- Haldninga til innvandrarar.
- Ynskjet om billigare bensin (akkurat som om bensinen er dyr her i landet)
- Ynskjet om billigare mat (akkurat som om vi har dyr mat)
- Ynskjet om mindre bompengar (Det er berre rett og rimeleg å vere med å betale for gode vegar. Dei er eit fellesgode, og dei som brukar dei kan godt betale. Og ja, eg køyrer bil sjølv, og ja, eg betalar bompengar, om ikkje akkurat med glede, så i alle fall med roleg aksept av ordninga)
- Ynskjet om skattelette (Skattesystemet er det som held oppe velferdsstaten, og gjer at alle får behandling på sjukehus, kan gå på skule og får hjelp av politiet. Vi treng ikkje mindre skatt)
- Ynskjet om å redusere tilskota til kunst og kultur. Kunst er svært viktig. Kultur også.
Vel, lista kunne sikkert vore lenger, for det er svært sjeldan eg opplever at eg er einig med dei. Likevel vil eg seie at eg syns det er veldig bra at vi har FrP i politikken. Alle skal få delta og vere med og forme landet, også dei som har meiningar i denne retninga. Eg ynskjer berre at dei ikkje skal få så mange stemmer...
Neste gong eg tek opp noko politisk, skal det vere positivt vinkla. Eg lovar!
Tror det er viktig å ikke forbanne andre partier, men på å be for regjering og politiske partier. Vi skal ikke være med på å spre. Det skal ikke være stigmatiserende for et annet menneske å stemme FrP. Tror alle partier har noe å jobbe med. FrP får stort sett bare negativ omtale, men det er også et parti som har valgt å stått i bresjen for kontroversielle saker som er positive. Vår oppgave som kristne er å be.
SvarSlettJa, eg er einig i at bønn er det aller viktigast. Samtidig bør vi også delta aktivt i samfunnet, og vere med og påverke det i riktig retning. Vi er, som det heiter: "I verda, men ikkje av verda". Så lenge vi er i verda, skal vi vere med og leve annleis liv og spre det gode. Deriblant også vere med og gjere samfunnet betre.
SvarSlettEg skreiv også at det neste innlegget mitt kjem til å vere positivt vinkla, og det er fordi eg i botn og grunn er einig med deg at det å stigmatisere andre ikkje er bra. Ein skal heller halde fram det som er bra.
Likevel står FrP for ein del ting som eg meiner ikkje er bra for samfunnet vårt, og dei er med på å spre haldningar som bryt ned. Difor ynskjer eg verkeleg at dei ikkje skal komme til makta. Samtidig er det sjølvsagt bra at dei er med, vi treng alle stemmer, og eg ber for dei som styrer, uansett kven det er.
Så, eg er einig med deg, samtidig som eg held fram vår rett, og kanskje plikt (?), til å delta i den politiske debatten.