onsdag 1. februar 2012

Truvedkjenning

Dagens bibelord er den jødiske trusvedkjenninga, og Guds sterke oppfordring til å hugse kva ein trur på og gje det vidare til borna:

"Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin. Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt. Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt. Du skal innprenta dei i borna dine og snakka om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp. Du skal binda dei om handa di som eit teikn og bera dei på panna som eit merke. Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine." (5. Mos 6, 4-9)


- Gøyme orda i hjarta ditt
- Innprente dei i borna
- Snakke om dei når du er heime
- Snakke om dei når du går på vegen
- Snakke om dei når du legg deg og står opp
- Binde orda om handa, og bere dei på panna
- Skrive orda på dørstolpane og på portane


Eg trur ikkje nokon av oss hadde gløymt Gud om vi hadde fulgt desse råda. Og om vi ikkje gjer alt heilt bokstavleg, er bodskapet klart: Dette er viktige ord, som vi må hugse på, gje vidare og bekjenne for våre medmenneske.


Personleg er eg veldig glad i den apostoliske truvedkjenninga. Ikkje berre fordi det knyter seg sterke kjensler til det å seie den fram i kyrkja. For det gjer det. Det er noko heilt spesielt å kunne stå saman med andre og bekjenne trua på Gud, Jesus og Den Heilage Ande. Det er ein så viktig del av livet mitt, ja den viktigaste delen. Likevel, den viktigaste grunnen til at eg er glad i truvedkjenninga, er at den har, heilt konkret, hjelpt meg over nokre vanskelege kneiker i truslivet mitt.



Særleg gjeld dette den perioden av livet mitt der eg fortsatt var ung og usikker på meg sjølv og kva eg stod for, og tidvis var usikker på om eg var ein god nok kristen eller ikkje, og om eg trudde rett. Og frå tid til anna har eg også tvilt på om eg faktisk trudde, om kunne kalle meg ein kristen.


Då var truvedkjenninga god som gull å ha. Eg sette meg ned, og gjekk gjennom truvedkjenninga punkt for punkt: Eg trur på Gud Fader, den allmektige (Ja, trur eg at det finst ein allmektig Gud? Så ransaka eg hjernen og fornuften og hjartet, og det eg veit om verda og det eg har lært om Gud heilt frå søndagsskulen av. Så konkluderer eg. Og konklusjonen har vore, kvar einaste gong: Jo, eg trur. Eg har ingen grunn til å tvile på Guds eksistens, mest fordi alternative er for usannsynlege og fjerne frå den verkelege verda. Altså: Eg trur på Gud Fader, den allmektige.) Så går eg vidare til punkt to: Som skapte himmel og jord, og evaluerer på same måte.


Når eg så har gått gjennom heile truvedkjenninga, og funne ut at joda, eg trur på alt dette, finn hjartet tilbake til kvila og freden i Guds nåde: Eg trur det same som kristne gjennom heile historia har trudd, og eg kan vedkjenne alle punkta i truslæra.


Det er godt å ha ei slik konkret og handfast oppsummering av den bibelske læra om Jesus!

Ein annan ting som kan vere trusstyrkande (veldig!) er å høyre på musikk. Riktignok viss tekstane er  bibelsk fundamenterte... Ein artist eg har høyrt ein god del på, og som har vore med og styrka trua mi, er Rich Mullins. Han døydde, dessverre, i 1997, men rakk å gje ut svært mange gode songar den tida han fekk på jorda. Ein av desse songane, er songen "Creed", som handlar nettopp om trusvedkjenninga. Ein flott song!


5 kommentarer:

  1. Flott!
    Trur eg kunne ha god bruk for noko av dette i eit foredag eg skal ha om ulike fromhetsideal. Kan eg nytta det, lesa deler av det, utan å nemna namn? Likte det å konfrontera vilje og tanke med truvedkjenninga i staden for å kjenna etter, eller lura på om ein er god nok.

    SvarSlett
  2. Dette var et nydelig innlegg.... med gode påminnelser til oss alle. Takk. Fin blogg du har her!
    Ha en velsignet helg! :)

    SvarSlett
  3. Marit: Værsågod, du kan gjerne bruke det eg har skrive. Og takk for tilbakemelding, det er alltid oppmuntrande å få kommentarar frå deg!

    Spirea: Takk skal du ha! Eg har lest nokre innlegg på bloggen din også, og eg kjem til å fortsette med det. Du skriv inspirerande og tankevekkande!

    SvarSlett
    Svar
    1. Nydelig, takk skal du ha. Setter stor pris på at du er innom "hos meg" og ;) Også ser jeg du har lagt meg til i blogglisten din - det var dagens oppmuntring. Ha en velsignet, god helg!! :)

      Slett
  4. Då er foredraget levert kveldens forsamling, og eg las dei siste avsnitta i blogginnlegget dit som ein del av det. Fleire kommenterte i samtale i grupper etterpå at dei sette pris på det.
    Takk for lånet!

    SvarSlett