onsdag 29. august 2012

Framtid og håp

Eg er snart ferdig med å lese gjennom boka til profeten Jeremia, og det har vore ei spennande, om enn litt depressiv, reise... Her er mykje ulykke og dom, og då særleg dei første 28 kapitla. 28! Her vert det sagt om att og om att, presisert og hamra inn: Folket har svikta, dommen vil komme, dei vil bli bortført til Babylon.

Kongane nektar å høyre på Jeremia. I staden set dei han i fengsel, og han opplever berre motbør. Og det er ikkje det at han har så vanvittig lyst til å forkynne dommen frå Gud, tvert om vert han motlaus av det heile. I kapittel 15 seier han dette:

         Ve meg, mor, at du fødde meg,
          ein mann i strid og krangel med heile landet.
  (15,10)
          

Og i kapittel 20 går han så langt som å forbanne den dagen han vart fødd. Likevel fortset han å forkynne dei orda Gud seier til han, for då han bestemte seg for å slutte:

          Då var det som om det brann ein eld i mitt hjarte.
          Han var innestengd i knoklane mine.
          Eg streva for å stå imot,
          men eg greidde det ikkje.  (20,9)


Han klarte ikkje å stå imot kallet! Og til slutt gjekk det slik Gud sa: Folket vart teke til fange og bortført til Babylon, der dei måtte leve i eksil i 70 år. 

Det er altså mykje sorg og nød, dom og fengsel, krig og hemn i starten av boka til Jeremia. Men så skjer det noko i kapittel 29. Her er det som heile tonen i forkynninga endrar karakter, og Gud proklamerar at folket skal bli berga frå eksilet og igjen få bu i sitt eige heimland. Plutseleg er det trøyst og håp som står i fokus. To av mine favorittbibelvers dukkar opp i Jer 29, 11-12:

For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. Når de kallar på meg og kjem for å be til meg, vil eg høyra på dykk.

Folket som Jeremia talte til, hadde svikta på alle måtar og stelt seg dårleg til. Likevel har Gud gode tankar for framtida deira. Han vil gje dei håp!  



Det er sikkert fleire enn eg som ofte er litt forvirra når du les i Bibelen. Der står om assyrarar, egyptarar, babylonarar, persarar, medarar osv., og alle kjem og tek Jerusalem... Eg ynskjer gjerne å vite rekkefølgja, kven som tek landet frå kven og slikt. Eg har fått litt meir oversikt etter å ha lest i Jeremia, men likevel ikkje fullstendig. Difor vart eg veldig glad då eg kom over følgjande video-oversikt. Kanskje fleire enn meg som kan ha nytte av denne?:




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar