fredag 24. august 2012

Musikkhistorie del 5: Get together!

Året er 1993, om våren. Ein gjeng med ungdommar stig ombord i seglebåten "Elida", og skal tilbringe dei neste to døgna ombord. Det er ungdomsklubben i Balestrand som skal på weekendleir, og ferda går utover Sognefjorden, til Gulen og deromkring.

Ein ung og usikker Ole er blant det nye "mannskapet". Han gler seg til turen, og etter det han kan hugse, hadde han det kjekt ombord. Nokre minner sit igjen, blant anna at han, og andre, fekk lov til å vere mykje i styrehuset under turen, og kunne lett fnisande stå og sjå på at medungdomar på dekk klamrar seg til næraste tau og rekkverk, då kapteinen annonserer på høgtalaranlegget at dei vil foreta ein bremsetest...

Han hugsar også at coca cola nettopp har begynt å lage brus på plastflasker, og kjøper seg ei av desse nye vidunderflaskene. Mannen i kiosken tvilar på at dei små flaskene kan innehalde ein heil halvliter, så han testar det ved å helle innhaldet over i ei 'ekte' colaflaske av glas. Det viste seg at volumet stemte, overraskande nok...

Av andre minner, er det nest klaraste følgjande: Ein kassett i styrehuset, som vart sett på og spelt på høgt volum medan båten siglar mellom høge sognefjell. Det er Oslo Gospel Choir, og spesielt songen "Get together", som vert spelt. Unge Ole har sidan den turen elska songen.


Noko av det første han gjorde då han kom heim, var å sjekke sparebeholdningen om der var nok til ein kassett, og ved neste beste høve, skifta kassetten eigar og hamna i hylla på eit soverom i Balestrand. Der vart den spelt med ujamne mellomrom, og sjølv om kassetten var bra, og songen 'Get together' fengande, vart det aldri så bra som ombord på "Elida", ei fin vårhelg i 1993.

Heldigvis hugsar eg det som det skulle vore ... for berre 19 år sidan!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar