torsdag 23. august 2012

Fokus

 Ofte
handlar livet om fokus
Rett fokus
Feil fokus

Ofte gjer vi feil
Stiller inn augene
på verda
på feil måte

Kanskje vi overeksponerar
Viskar ut alle skuggar
stryk vekk det som ikkje passar
og lyg
for oss sjølv


 Eller kanskje vi undereksponerar
Gjer alt
mørkare
enn det faktisk er

Også det er løgn


Spørsmålet er om vi vågar
vere ærlege
fokusere på dei rette tinga
og ikkje lyge til oss sjølve

Sjå verda slik den faktisk er
med både lyse sider
og skuggar


Det er eit spørsmål
om fokus

Det er eit spørsmål
om å sjå skuggane
men også lyspunkta bak

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar