tirsdag 14. august 2012

Livsdiagrammet

Mitt eige liv
er ei sinuskurve
Ein dag er eg oppe,
den neste er eg nede
Eller ein stad midt imellom

Det er ikkje god å seie,
for alltid skiftar eg retning
Alle ting endrar seg
Frå dag til dag
Time til time
Minutt til minutt

Eg er ein jojo,
og slett ikkje til å stole på

Heldigvis går det ei anna kurve
over mi eiga
Eller – ikkje ei kurve, men ein strek
Ei rett linje
Det mest stabile som finst

Det nye meg, det nye livet
Gjenfødt, gjenskapt
Slik Gud ser meg, møter meg
Han er det faste punktet
midt i min bølgjedal

Der eg svingar, endrar meg
er Han stabil
og trufast 


(Eit dikt sterkt inspirert av dette blogginnlegget: Avslør Satan, på Victoria Gjerde sin blogg)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar