lørdag 25. august 2012

Det som står fast

Noko står fast, sjølv når det doggvåte, sommarfriske graset har bukka under for hausten og vinteren.

Noko står fast etter at trea har endra farge, felt blada og gått i dvale.

Noko står fast gjennom alle sesongar, og vil stå fast sjølv etter at forskaren, politikaren, økonomen, statsvitaren, astronomen, religionsforskaren, legen og bioingeniøren har sagt sitt.

Noko vil stå fast. Alltid.


Leitar du etter verkeleg fast grunn, er det berre ein stad det er vits i å leite.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar