lørdag 19. januar 2013

Korset


Korset er ein del av kvardagen til dei fleste av oss, og vi møter det i mange former. Nokon har det kanskje som smykke rundt halsen, andre som emblem på t-skjorter og andre klesplagg. Kvar gong vi ser det norske flagget, ser vi korset. Og køyrer du forbi bedehuset, kan du sjå eit stort kors på veggen.

Det er så normalt, at dei færraste av oss tenkjer over kva korset eigentleg er. For kva vart eigentleg dei originale korsa brukt til? Dei vart brukt til å hengje menneske på og pine dei i ein langsam og smertefull død. Korset symboliserte noko vondt, noko som ein ville unngå. Noko ein frykta. Ingen hadde lyst til å stifte nærare kjennskap til eit kors.

Det er altså ikkje noko koseleg symbol vi omgir oss med. Eg har eit korssmykke rundt halsen, ein kopi av eit torturinstrument, laga av metall.  Der heng det til pynt. Men ikkje berre til pynt! Den viktigaste grunnen til at eg ber det, er for å minne meg sjølv om ei viktig hending som endra verdshistoria, og som har endra meg.


Tusenvis av menneske har blitt hengt på eit kors. Likevel er det ein spesiell person vi ofte set i samanheng med korset, og det er ikkje tilfeldig. Sjølv om Jesus var ein av mange offer på torturinstrumentet, var hans død veldig spesiell.

Han vart nemleg ikkje drepen for noko han hadde gjort, men for ei rekkje ting han slett ikkje hadde gjort. Han døydde for eit hav av synder og lovbrot, og han hadde ikkje gjort ein einaste ting av det han vart drepen for! Han døydde fordi eg er ein løgnar og ein skrythals, fordi eg ofte er tankelaus og gjer ting som andre vert såra av og fordi eg veldig motvillig gir slepp på mine eigne rettar og mine eigne ting. Han døydde fordi eg ofte seier ting som gjer andre vondt. Sladrar, baksnakkar og latterleggjer. Han døydde fordi eg av og til vil andre menneske vondt, og har vanskeleg for å tilgje når andre har såra meg.

Han vart rett og slett drepen på grunn av alle mine feil og manglar. Og dine, og dine og dine. Vi har alle svikta på mange felt, og treng tilgjeving. Og det var grunnen til at han vart hengt på eit kors og døydde.

Etter nokre dagar stod Jesus opp att frå dei døde, og lever i dag i Himmelen. Dette er kjernen i mi kristne tru. Det er den aller viktigaste hendinga i historia, og historia om Jesu død og oppstode har blitt fortalt frå person til person i snart 2000 år.

Samtidig som dette er heilt sentralt for ein kristen, er det eit problematisk område for dei fleste andre. Det at eit menneske kan bli levande igjen etter at han er død, er så utruleg at mange har vanskelig for å tru det. I Bibelen står det til og med at ordet om korset er ein dårskap for dei som ikkje trur på Jesus (1. Kor 1, 18) Dårskap er det same som idioti, noko latterleg og dumt. Det er så vanskeleg å tru, at ein heller gjer narr av dei som trur det. Og eg veit at ein del menneske syns eg er ein dust som kan tru at Jesus var Guds son, at han døydde (for to tusen år sidan) for å tilgje dei syndene eg gjer i dag og at han stod opp att frå dei døde. Det verkar så usannsynleg og for nokon verkar det så altfor enkelt. Kan det vere rett at alt ein må gjere er å tru at Jesus døydde og stod opp att, og så får ein tilgjeving for alle synder ein har gjort?

Altfor, altfor enkelt.

Men slik er det. Slik står det i Bibelen, og eg trur det er sant. Og viss ein først trur at Jesus er Gud, så er det heller ikkje så vanskeleg å tru at han kunne bli levande att etter å ha døydd heller.

Så er spørsmålet då: Kva trur du? Trur du at Jesus er Gud? Trur du at han døydde for dine synder? Trur du at han stod opp att frå døden?

Eller kanskje lurar du på om alt dette kan vere sant? Då vil eg anbefale deg å lese i Bibelen, og finne ut meir om kva det handlar om. Les Markusevangeliet først, der lærer du meir om Jesus og kva han stod for. Då les du om kjernen i den kristne trua. Og så vil eg anbefale deg å snakke med ein kristen du stolar på. Dette er altfor viktig til at du berre kan leggje det på hylla og ikkje bry deg.



(Tanketekst eg skreiv i forkant av KRIK-samling i kveld. Andakten vart nok litt annleis, men det er greit å ha ei tankerekkje nedskrive og klargjort på førehand!)

2 kommentarer:

  1. SÅ bra skrevet og fortalt. Jeg også bærer et kors - av samme grunn som deg. Det har også ført meg inn i haugevis av diskusjoner med mennesker med annen tro eller mennesker med sterk motstand. Vi bærer med stolthet ikke sant? :) ønsker deg en god uke videre - og ikke minst en flott helg.

    SvarSlett
  2. Jovisst! Ingenting eg er så glad for som Jesu kors, så det ber eg med stolthet! God helg til deg også!

    SvarSlett