tirsdag 13. januar 2015

Å tru det irrasjonelle

Det er mykje i den kristne trua som er vanskeleg å forstå. Litt fordi dei bibelske tekstane ofte må tolkast, og språket er ei  barriere for tankane. Mest fordi det er ein del ting som for hjernen er irrasjonelt. For eksempel:
- At heile verda er skapt ved at Gud sa ord.
- At Jesus vakna til live att, etter å ha vore død i to døgn.
- At det at Jesus døydde og sto opp att for to tusen år sidan, har noko å seie for meg i dag.
- At det i det heile finst ein røyndom utanfor den fysiske verda.
- At eg vert høyrt av Gud når eg ber, endå eg ikkje kan "merke" nokon ting.
- At ein usynleg Gud, som eg aldri har sett, kan tale til meg.

og det merkelegaste av alt:

- At eg, som eit rasjonelt, tenkande og noko skeptisk menneske kan tru at alle punkta over er sanne. Og utan å vere så sterkt i tvil, heller.

Og no snakkar vi om ein person (altså meg) som ser på programmet "Åndenes makt" som eit humorshow (Sjølv om det eigentleg er berre trist), som nektar å tru at folk kan bli sjuke av å bu over ei underjordisk elv eller under ei kraftlinje, som meiner homeopati = kvakksalveri og generelt er skeptisk til det meste av konspirasjonsteoriar. Og ikkje begynn å snakke om engleskular, "energikrinsar" og tarot... 

Eg er naturfaglærar og matematikklærar, eg elskar logiske problemstillingar og rasjonell tenking. Eg likar å finne forklaringsmodellar på det som skjer i naturen. Og då logiske forklaringsmodellar. Eg er ein av dei siste du vil finne i medlemslistene til norsk UFO-forbund. Viss det eksisterer, då...

Så er spørsmålet: Korleis kan eg då vere kristen?

Og kva skjer når eit menneske som ikkje har vore kristen, plutseleg byrjar å tru?


Nøkkelen til alle desse spørsmåla og paradoksa ligg i ein dimensjon som vi menneske ikkje kan forstå (av oss sjølv...) Nøkkelen ligg hos Gud sjølv. Sjå berre kva som står i 1. Kor 2, 14-15:

Menneska slik dei er i seg sjølve, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er dårskap for dei, og dei kan ikkje forstå det, for det kan berre dømmast om på åndeleg vis. Men det mennesket som har Anden, kan dømma om alt, og sjølv kan det ikkje dømmast av nokon.

Det heile handlar om Den Heilage Ande! I oss sjølv er alt som har med Gud å gjere "dårskap", og vi kan ikkje verken tru det eller forstå det. Men Den Heilage Ande plantar trua i oss, og overbeviser oss om at det Jesus seier er sant. Dermed kan ein tru på Gud, og samtidig vere glad i det rasjonelle.

Og vidare på det sporet: Eg veit at det ikkje er eg sjølv som har planta trua på Gud i meg, heller ikkje foreldre eller lærarar eller prestar. Hadde det ikkje vore for DHA, hadde heile Guds ord prella av som vatnet på gåsa. No har det omvendte skjedd: Eg trur at Gud finst, eg trur at Gud elskar meg, eg trur at han døydde for meg og stod opp att, eg trur Gud er med meg i dag og høyrer bønene mine. Og eg trur at kven som helst kan begynne å tru på Gud, sjølv den mest hardbarka ateist og Gudsfornektar, sjølv den mest likegyldige agnostikar, sjølv den mest fanatiske muslim, sjølv den mest "opplyste" buddhist. Får dei høyre ordet om Jesus, Bibelen forkynt og forklart, vil Den Heilaga Ande kunne opne også deira andelege auge. 

Difor er det rasjonalisten Ole Jørgen stadig vekk snakkar om den "irrasjonelle" trua. Fordi Gud sjølv koplar saman vår begrensa hjerne med sin eigen røyndom, og lar oss få del i noko heilt nytt.

1 kommentar: