lørdag 14. april 2012

Karma eller... nåde?

Vi menneske har ofte stor fascinasjon for karma. Ta for eksempel ordtaket: “Som man reder så ligger man”. At handlingane våre får konsekvensar for oss, er ein heilt naturleg tanke, ja endå meir: Ein tiltrekkande tanke. Går det oss godt, vil det seie at vi har handla rett, og går det nokon ille, er det nok vel fortent.

I søndagens bibeltekst får vi ein av dei beste illustrasjonane på forskjellen mellom Jesus, den eine levande Gud, og alle dei religionane og livssyna vi menneske opp gjennom tidene har konstruert og trudd på. Nesten utelukkande inneheld religionane lovar og reglar som må oppfyllast for å oppnå frelse eller evig liv. Slikt har det dessverre vore ein god del av innan kristendommen også. Vi menneske har omgjort Jesu lære til ein religion, som på mange måtar kan sidestillast med islam og jødedom. Og dessverre har mange problem med å forklare kva den store forskjellen ligg i.

I Bibelen kan vi lese om ein Gud som tenkjer fundamentalt annleis: Peter har svikta totalt. Forrådt Jesus og banna på at han ikkje kjente han. Alle dei håpa og forventningane som hadde bygd seg opp gjennom tre år saman med Jesus, falt med eitt i grus. Peter var på botn, livet verka nok ganske så håplaust. Og kanskje tenkte han at han fekk som fortent, han som ikkje klarte å leve opp til dei store orda sine?

Så ein morgon møter han att Jesus. Meisteren sit på stranda, ved eit bål. Peter har vore ute og fiska, og stig no i land og går for å møte Jesus.  Kanskje er han redd for kva han vil møte? Kanskje Jesus vil nemne det store sviket, og stille han til veggs. Eg trur Peter er ganske nervøs medan dei et. Så kjem vi til søndagens bibeltekst:

Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!» Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine! Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.»  Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!» (Joh 21, 15-19)

Jesus nemner ikkje Peter sitt store fall med eitt ord, men han gir han sjansen til tre gonger å erklære sin kjærleik til Herren. Like mange gongar som han fornekta og sveik. Etterpå får Peter endå ein gong kallet frå Jesus: “Følg meg!” Det er som om Jesus seier: “La oss gå tilbake til start. La oss gløyme alt det vonde som har skjedd, og gå vidare i lag. Eg har gløymt alt!”

Slik er den Gud vi møter i Bibelen. Han tilgir brot, og gir ikkje igjen “tann for tann”. Tvert om lar Han nåde gå for rett, og tilgir alle dei som søkjer Han. Det er som om regelbrotet aldri har skjedd.
No må ingen tru at eg er ein talsmann for anarki eller regelbrot. Slett ikkje. I eit samfunn må vi ha reglar, for at vi skal klare å ta vare på kvarandre. Poenget er at ovanfor Gud har det ingenting å seie. Gud bryr seg ikkje om karmaen din. Det einaste Gud bryr seg om, er svaret du gir når han spør: “Elskar du meg?”   



(Teksten stod først på trykk i Suldalsposten si spalte "Helgetankar", tidlegare i dag)

mandag 9. april 2012

Påskemusikk

Denne lista kjem kanskje i litt seinaste laget, men for oss som er "påskevennar" er det aldri for seint å høyre songar om det Jesus har gjort for oss!

Her er altså ei liste over nokre fine påskesongar:

Leeland - Via Dolorosa
Smalltown Poets - Beautiful, scandalous night
Keith Green - Eastern song
Oslo Gospel Choir - On the cross of calvary
Leigh Nash - The power of the cross
Ray Boltz - The hammer
Sveinung Andersen - He chose the nails
Aaron Keyes - Christ the Lord is risen today
Matt Maher - Christ is risen
Bryan Duncan - Glad morning
Russ Taff - Shadow of the cross pt. 3
Hans Inge Fagervik - Tomas' sang
Steven Curtis Chapman - How love wins
Graham Kendrick - You're alive
Ron Kenoly - Jesus is alive

Desse songane kan du lytte til her (Spotify)

Sidan eg ikkje klarte å finne Ray Boltz sin song "The hammer" på Spotify, legg heller til ein link frå Youtube. Ein sterk song!


søndag 8. april 2012

Evig fri! (ei novelle)

I mange år, faktisk så lenge eg kan hugse, har eg sitte bak stengte dører og gitter. Eg kalla den smale benken for "heime", og det vesle rommet for "verda". Kva som var utanfor mi vesle verd? Eg hadde inga aning. Eg skjønte at det kanskje var noko, så frå tid til anna var eg borte og rista i sprinklane. Somme netter ropte eg ut mi fortviling og redsle. Andre netter freista eg å bryte meg ut. Alle triks som er moglege å finne på, tok eg i bruk. Dei var like nyttelause, alle saman.

År kom og år gjekk, og eg sat der i cella mi. Gløymt av alle, gøymt for verda.

Så ein dag høyrde eg lydar frå utsida. Fottrinn over det glatte golvet. Dei var tunge, som om personen hadde store smerter. Samtidig høyrde eg klirring frå nøklar, og dør etter dør i den lange korridoren vart opna. Også mi dør vart opna. Eg såg ikkje mannen med nøkkelen så godt, men eg kunne sjå kor han hadde gått. Han etterlet seg flekkar og striper med blod, blanda med sveittedropar og tårer.

Eg forstod ikkje med det same kva som skjedde. Alt eg visste var at døra mi stod open. Eit varmt og skarpt lys fylte døropningen, og eit nytt håp vart sådd i hjartet mitt: Tenk om eg kunne gå gjennom døra og ut til... Ja, til kva? Alt eg kjende til var i det vesle rommet mitt. Eg sette meg ned på benken min, og såg meg rundt. Eg visste kva eg hadde. Og alt som kanskje fantes utanfor cella mi, korleis kunne eg vite korleis det var? Eg kjente tvilen snike seg inn, og ta bustad side om side med håpet.

Plutseleg høyrde eg eit høgt smell frå enden av korridoren. Den store døra, som til no hadde vore stengt med solide låsar og bommar av stål, hang og slang på hengslene sine. Mannen med nøklane lente seg inn over dørkarmen, og ropte så høgt han kunne: "Jobben er gjort! Kom ut til fridomen!"

Eg såg nedover korridoren. Nølande menn og kvinner kikka fram frå mange av dørene. Somme våga seg ut, og tok forsiktige steg nedover gongen. Somme snudde og gjekk tilbake til rommet sitt, medan andre ikkje turte å gå ut i det heile. Eg klarte ikkje å bestemme meg for om eg skulle gå eller ikkje, men dei glade ropa frå utsida lokka og drog. Til slutt klarte eg ikkje meir. Eg måtte berre vite kva som var der ute.

Først tok eg forsiktige steg ut døra og nedover korridoren, men frykta sleit og drog i meg. Eg innsåg at skulle eg klare dette, måtte eg gje alt og ikkje snu meg tilbake. Eg starta å springe, og stoppa ikkje før eg stod framfor den øydelagte døra ved enden. Der kikka eg ut, trakk inn den friske lufta og gispa av forundring. Det eg såg var så heilt annleis enn alt eg kjende til, så uendeleg mykje betre enn alt eg kunne fantasert om!

Eg gjekk ut.

I dag lever eg i fridom. Mykje har endra seg sidan den gongen ei celle var heile verda mi. Livet mitt har blitt gjennomsyra av kjærleiken til mannen med nøklane. Han har vist meg kva det vil seie å leve på ekte.

No er verda så uendeleg stor, og eg er evig fri!

Gleda er likevel ikkje fullkommen. Endå. Den gamle korridoren står der fortsatt, med sine opna dører. Mange av romma er tomme, men bak somme av dørene sit der fortsatt menn og kvinner som lengtar etter fridomen. Somme ser mot den opne døra med lengsel, men mange har snudd ryggen til og vil ikkje sjå. Dei stirrar i veggen og drøymer om fridomen. Og kanskje tenkjer dei at dei allereie er frie? Eg veit ikkje, men fortvilinga mi er stor. Eg skulle så gjerne vist dei kor stor verda eigentleg er, eg skulle så gjerne vist dei kva det vil seie å vere evig fri.


Eg ropar inn i korridoren, og håpar nokon vil høyre: "Vegen til fridomen er open! Det er berre å ta steget, for mannen med nøklane har sona alle straffene! Kom ut av fengselet og lev!"

lørdag 7. april 2012

Spikra til eit tre

To pålar vert brukte
laga av tre frå den verda du skapte

Metallet du har forma,
blir slått inn i hendene som laga det

Du kjenner kvart atom i treverket,
du veit lengda på deira levetid

Og jorda krossen vert sett i,
er den same du brukte då du skapte
soldatane som no lyfter deg opp

Det er ditt, alt saman
og likevel let du deg drepe

av kjærleik til det du har skapt

mandag 26. mars 2012

The Hunger Games

 I går kveld var Gunnstein og eg på Sand og såg den splitter nye filmen "The Hunger Games". Vi er glade i fantasy-litteratur begge to, og gledde oss til å bli tekne med til ei ukjent framtid, der samfunnet er gjennomregulert og heldt saman av eit makabert spel kalla Dødsleikane (eller då altså "hunger games", om du vil).












Filmen er basert på den første boka i Suzanne Collins sin Triologi om landet Panem. Geografisk vert Panem plassert om lag der USA er i dag, men landet er ganske annleis enn dagens styresett. Den gamle verda har gått under i ein blodig borgarkrig, der atomvåpen drepte dei aller fleste. Opp frå restane av krigen har det nye Panem vakse fram. For å hindre nye opprør, er landet delt inn 13 distrikt, og ein hovudstad, Capitol, som styrer distrikta. Folka i distrikta vert kua, medan innbyggjarane i Capitol lever luksuriøse liv. I distrikt 12 finn vi Katniss Everdeen og familien hennar, og vi møter dei rett før uttaket til dei 74. årlege Dødsleikane. Dødsleikane er den mest raffinerte og grusame måten å halde distrikta i sjakk på. Kvart år må kvart distrikt sende ein gut og ei jente mellom 12 og 18 til Capitol. Der vert dei klartgjort for kamp, og så sendt ut på ein arena der dei må kjempe mot kvarandre til berre ein står levande tilbake. Heile greia vert direkteoverført i alle distrikta, og innbyggjarane må sjå på. Vi kan seie det slik at det er eit realitykonsept trekt ut til den ultimate ondskap.


På uttrekningsdagen vert veslesystera til Katniss, Primrose, trekt ut til å delta i leikane. Katniss melder seg frivillig og tek dermed hennar plass. Plutseleg er ho i sentrum for alle si merksemd, og at ho er ein eksepsjonelt god bogeskytar gir ho ikkje akkurat høgare odds.













I Capitol møter ho for første gong luksus, og ein levemåte ho aldri kunne ha drøymt om. Likevel er det ganske naturleg at det heile ikkje er særleg tiltalande, i og med at ho er der for å drepe eller bli drept.

Leiaren i landet, President Snow, er ein ond herskar, med minimal sans for ord som sympati, barmhjertighet eller svakhet. Han har ein noko tydelegare rolle og karakter i bøkene. Filmen får ikkje heilt fram den grunnleggjande kulden som pregar han. Han ser nesten ut som ein godmodig bestefar, og det var ikkje heilt slik eg hadde sett han for meg. Inntrykket vert likevel retta noko opp når han snakkar, og gjennom dei hinta vi får om korleis han behandlar undersåttane sine. I tillegg sit han jo som øverste ansvarleg for undertrykkinga i distrikta og kuinga av folket, så ein treng ikkje vere noko geni for å forstå at han ikkje først og fremst har godt i sinne.


 Etter nokre dagar med kamptrening og klargjering i Capitol, vert ungdommane sendt ut på arenaen, der drepinga startar umiddelbart. Katniss stikk til skogs, og prøver å kommes eg så langt unna dei andre som mogleg. På bildet over ser du kontrollrommet til dei som leier spelet. I midten har dei eit kart med full oversikt over arenaen. Dei likar dårleg at Katniss stikk så langt frå dei andre, og set i verk aggresive tiltak for å skremm ho nærare dei andre. Og lukkast.


På ein arena der det einaste som gjeld er å drepe dei andre og overleve sjølv, er det naturleg at kjærleiken har trange går. Likevel spelar kjærleiken ei sentral rolle i filmen, og gjer at ting ikkje går heilt som spelleiinga hadde tenkt. Dette er jo ei klassisk kampen-mellom-godt-og-ondt-historie, så det er naturleg at det er kjærleiken som må til for å vinne over dei harde. For eksempel spelar vennskapet mellom Katniss og den unge jenta Rue ei sentral rolle i historia. Måten dei tek vare på kvarandre på, og måten Rue dør på, set i gang ein snøball som fortset å rulle, ut av bok ein og gjennom bok to og tre i serien...

No har eg allereie begynt å glede meg til film nummer to, og håpar det ikkje tek for lang tid til den kjem...

lørdag 24. mars 2012

3xHip-hop: Gatemusikk med Jesus i sentrum

Som rimeleg altetande når det gjeld sjanger, vekslar eg veldig mellom kva for stil som til ei kvar tid er den mest interessante. Akkurat no er det hip-hop som er i vinden i hovudet mitt, og medan eg skriv dette høyrer eg på denne stilige plata til Lecrae:


Eg har alltid vore veldig tekstmedviten når det gjeld musikk, så det kjem nok ikkje til å overraske nokon som kjenner meg at dei tre artistane eg kjem til å skrive om her, har solide og bibelske tekstar til dei fleste songane sine. Musikk er ei kjelde til andeleg oppbygging, viss ein berre vel dei rette artistane.

Lecrae er ein veldig bevisst artist. På facebook legg han ofte ut både bibelvers, oppmuntringar og tankevekkjande betraktningar. Det er ganske oppbyggeleg å stikke innom facebooksida hans! Favorittsongen min på plata Rehab heiter "Just like you", og handlar om det å vere forbilde. Både det at vi har forbilder som vi prøver å etterligne, det at vi sjølv er forbilder for andre og ikkje minst om at det luraste av alt er å finne seg eit forbilde som er komplett feilfritt, og som elskar oss med uendeleg kjærleik - Guds eigen son! (Og det som slår meg når eg ser videoen, er kontrasten mellom rapparar som Lecrae som ynskjer å fremje ein livsstil som ærar Gud og byggjer samfunnet, og mange av dei kommersielle rapparane som heller framelskar seg sjølv, vald, sex, dop og ein lovlaus livsstil generelt)




Den andre artisten eg vil seie litt om, er Tobymac frå den tidlegare så populære gruppa DC Talk. Heilt sidan eg fekk plata "Jesus freak" mellom hendene, har eg sett pris på den utruleg stilige måten Tobymac har å synge på. Det er vanskeleg å velje ein favorittsong, for der er så mange. Eg limer likevel inn songen "Burn for you", fordi det kanskje er ein av dei aller kulaste songane han har laga. Etter mi meining då... Pluss at tema for songen talar til meg, for det er også ei av mine eigne bøner: Eg ynskjer å brenne for Gud.




Til slutt min favorittrappar over dei alle: Sho Baraka! Djupe tekstar, som treff meg både som kristen, mann og menneske (ikkje at dei tre delane kan skiljast, men songane treff meg altså på fleire nivå...)

Plata "Lions og liars" er ganske enkelt ei tvers gjennom genial plate, som eg for det første blir glad av kvar gong eg høyrer den, fordi musikken er så bra. Og så vert eg så utfordra, fordi tekstane ofte treff meg ganske hardt. Eit godt eksempel på dette er songen "Me, Myself and I", som tek eit kraftig oppgjer med blant anna egoismen som ofte bur i oss. Under videoen limer eg inn teksten, til glede (?) for andre som også får litt småsmerter i samvitet når dei høyrer songen...




Hook
You're a liar, you're a jerk, you're a creep/
So prideful, arrogant and weak/
Lord Help this could be the end of me/
What do I do when I'm sleeping with the inner me/
I run from (Me myself and I)
I Iove some (Me myself and I)
I'm trying to run from (Me myself and I) 3x

Verse 1
This is bad, something close tragic/
I'm trying to beat it just like Michael Jackson/
My flesh seeks for satisfaction/
Spirit lives, so the titans start clashing/
Got people thinking I'm confused/
But I'm not, maybe a little what am I to do/
It takes years- for man to build a name/
One selfish moment-turns it all to shame/
I work hard- just for them to envy me/
But in the end I'm not who I pretend to be/
Help me Lord this could be the end of me/
What do I do when I sleeping with the inner me/
Yeah he's slick he's smooth/
I don't trust w/ ladies in the room/
He's selfish he's scared so many lives/
Look in his eyes, cant wait for his demise/

Verse 2
I can't run I cant hide/
I try to kill him he wont die/
I've studied too much of what the vultures do/
Trying not to reproduce what the culture do/
I'm a grown man I aint gotta prove I'M COOL/
But first can you tell me the price of those louis shoes/
That would look so nice with some glowing jewels/
Hold up do you see what I be going thru/
Yeah he gives manna for the day/
Contentment on my face , But then I see my neighbors plates/
He got a new job, new crib/
Candy painted, cool whip/
Say homie, I don't need it Cuz my friends got it /
Noooo, I'll take it if my friends bought it/
I know its sad, death fashion/
Makes sure its brand name when you toe tag him/

Verse 3
Oh my situation is deep/
Always trying to create a person I cant be/
We go in debt trying to buy/
Stuff to impress people that we don't like/
I'm at war now, But I mma go home/
Until he touch down we have some field goals/
I gotta clique gotta team/
Share my weakness, that authenic thing/
Know the Lords grace not my own might/
Man cant have everything in mans sight/
I know Sho and his tendencies/
That joker just might be the end of me/

fredag 23. mars 2012

Profesjonalitet og sjølvbeherskelse

Av og til er det litt vanskeleg å vere lærar. No tenkjer eg ikkje først og fremst på dei utfordringane som ligg i sjølve jobben, for dei er jo der, sjølvsagt. Nei, eg tenkjer på dei gongane eg så gjerne har lyst til å opne munnen og seie akkurat kva eg meiner, samtidig som eg veit at det ikkje er så lurt. Ja, det er tvert om svært ulurt.

Ei av hindringane som ligg der som ein taus mur, er erkjenninga av at eg ikkje har lov å forkynne for ungdommane. Som kristen har eg mitt syn på verda, mitt verdisyn og deler den kristne verda sitt syn på kva som er rett og galt. Eg er, sjølvsagt, medviten på at eg ikkje kan dytte mi tru og mitt verdsbilde på ungdommane. Og det er noko eg eigentleg meiner er heilt ok, så lenge eg har fridom til å formidle den kristne trua på fritida mi. I grunn er eg glad for denne "nøytralitetsregelen" i skulen, for den gjer meg trygg på at lærarar med ei anna tru enn meg, som muslimar eller humanetikarar, heller ikkje vil dytte sitt verdsbilde og si tru på mine born når dei ein gong byrjar på skulen. (Og no snakkar eg ikkje om dei humanistiske og kristne tradisjonane som er ein del av kulturen vår, og som også er ein del av skulekvardagen. Dei sidene skal elevane sjølvsagt få kjenne til, dei må vite kor dei kjem frå og kva som høyrer til kulturen vår).

Grunnen til at eg tenkjer på dette nett i dag, har sin grunn i ein heilt konkret situasjon på skulen i dag, der eg var veldig frista til å stille nokre kritiske spørsmål. Samtidig visste eg at det ikkje var min arena eller min tur til å skape debatt.

Vi hadde besøk ifrå ei som har vore ledsager på Vestbreidda for Kirkenes verdensråd. Ho besøkte klassane på skulen vår, og fortalte om palestinarane sin situasjon. Dette er eit viktig tema, og noko som elevane våre bør få god innsikt i. Ho hadde også med seg fine bilder, og presenterte ein del av dei utfordringane menneska som lever ved grensa til Israel kan ha. Blant anna fortalte ho historia til bonden som bur i ein landsby like innanfor den mykje omtala "muren", og som eigde 7 mål med drivhus der han dyrka tomatar, og desse drivhusa stod på utsida av muren. Kvardagen er slett ikkje enkel.

Innlegget var lærerrikt og opplysande i forhold til dei palestinske problema. Også Israel sine utfordringar med sjølvmordsbombarar og rakettangrep frå Gasa vert omtala, så besøket vårt var meir balansert enn mange av dei reportasjane vi får presentert i dei tabloide media.

Så går vi mot slutten av forelesinga, og det er tid for ein spørsmålsrunde. Elevane er veldig opptekne av dei israelske soldatane og deira rolle i det heile, og kven som har våpen, kven som kastar stein og kven som vert fengsla. Også spørsmål om umotiverte drap, soldatar som slepp straff for drap og om tortur i israelske fengsel vert tekne opp. Spørsmåla er greie, men svara som vert gjevne er noko ubalanserte og einsidige, og på slutten trur eg elevane sit att med eit bilde av israelske soldatar som nærast lovlause våpengalningar, som kan skyte kven dei vil utan å bli straffa for det.


Timen går mot slutten, og det er verken tid eller anledning for meg til å stille kritiske spørsmål til denne framstillinga. Dessverre. For eg trur det hadde vore naudsynt. Elevane fekk eit veldig godt bilde av palestinarane sin situasjon, men at Israel er eit velfungerande demokrati, med grundig opplæring av soldatane sine og ein etikk som i alle fall i utgangspunktet skal følgje dei internasjonale reglane for soldatar. Sjølvsagt er det svikt også i IDF, som i dei fleste andre hærar. Og kanskje fleire enn i andre hærar, for spørsmålet om frykt hos soldatane vert nesten ikkje berørt. At soldatane er unge, frå 18 år og litt eldre, og får ansvar for å halde kontroll over eit område der sjølvmordsbombarar tidlegare har teke seg inn til Israel, kan ikkje vere lett. Også soldatane lever i frykt, og dei får sine instruksar frå leiarane sine, som igjen får instruksar frå høgare hald. Til sjuande og sist er det altså eit politisk spørsmål, og eit spørsmål om frykt.

Israel er eit lite land, og konfliktene er store og kompliserte. Personleg trur eg ikkje det kan bli fred der før partane snakkar saman på likefot og stiller med blanke kort. At det skal skje med det første, verkar lite sannsynleg, sjølv om vi er mange som ber og håpar på at valdsspiralen skal slutte, og at både israelarar og palestinarar kan leve fredelege og verdige liv.

Og nøkkelen til det heile, trur eg nett no ligg hos dei palestinske styresmaktene. All den tid borna på skulane lærer å hate jødar, og all den tid styresmaktene ikkje anerkjenner Israel og stoppar sjølvmordsbombing og rakettangrep, trur eg ikkje frykta som pregar demokratiet Israel vil sleppe taket. Dermed sit dei i saksa begge gruppene.


Alt dette burde vore sagt etter forelesninga i dag. Men eg kunne ikkje, og som pedagog kan eg seie at det hadde ikkje blitt nokon bra slutt på timen. No sit i alle fall elevane igjen med eit godt bilde av dei palestinske grensebøndene sin situasjon. Så får eg prøve å nyansere bildet seinare, når anledningen byr seg.