søndag 8. april 2012

Evig fri! (ei novelle)

I mange år, faktisk så lenge eg kan hugse, har eg sitte bak stengte dører og gitter. Eg kalla den smale benken for "heime", og det vesle rommet for "verda". Kva som var utanfor mi vesle verd? Eg hadde inga aning. Eg skjønte at det kanskje var noko, så frå tid til anna var eg borte og rista i sprinklane. Somme netter ropte eg ut mi fortviling og redsle. Andre netter freista eg å bryte meg ut. Alle triks som er moglege å finne på, tok eg i bruk. Dei var like nyttelause, alle saman.

År kom og år gjekk, og eg sat der i cella mi. Gløymt av alle, gøymt for verda.

Så ein dag høyrde eg lydar frå utsida. Fottrinn over det glatte golvet. Dei var tunge, som om personen hadde store smerter. Samtidig høyrde eg klirring frå nøklar, og dør etter dør i den lange korridoren vart opna. Også mi dør vart opna. Eg såg ikkje mannen med nøkkelen så godt, men eg kunne sjå kor han hadde gått. Han etterlet seg flekkar og striper med blod, blanda med sveittedropar og tårer.

Eg forstod ikkje med det same kva som skjedde. Alt eg visste var at døra mi stod open. Eit varmt og skarpt lys fylte døropningen, og eit nytt håp vart sådd i hjartet mitt: Tenk om eg kunne gå gjennom døra og ut til... Ja, til kva? Alt eg kjende til var i det vesle rommet mitt. Eg sette meg ned på benken min, og såg meg rundt. Eg visste kva eg hadde. Og alt som kanskje fantes utanfor cella mi, korleis kunne eg vite korleis det var? Eg kjente tvilen snike seg inn, og ta bustad side om side med håpet.

Plutseleg høyrde eg eit høgt smell frå enden av korridoren. Den store døra, som til no hadde vore stengt med solide låsar og bommar av stål, hang og slang på hengslene sine. Mannen med nøklane lente seg inn over dørkarmen, og ropte så høgt han kunne: "Jobben er gjort! Kom ut til fridomen!"

Eg såg nedover korridoren. Nølande menn og kvinner kikka fram frå mange av dørene. Somme våga seg ut, og tok forsiktige steg nedover gongen. Somme snudde og gjekk tilbake til rommet sitt, medan andre ikkje turte å gå ut i det heile. Eg klarte ikkje å bestemme meg for om eg skulle gå eller ikkje, men dei glade ropa frå utsida lokka og drog. Til slutt klarte eg ikkje meir. Eg måtte berre vite kva som var der ute.

Først tok eg forsiktige steg ut døra og nedover korridoren, men frykta sleit og drog i meg. Eg innsåg at skulle eg klare dette, måtte eg gje alt og ikkje snu meg tilbake. Eg starta å springe, og stoppa ikkje før eg stod framfor den øydelagte døra ved enden. Der kikka eg ut, trakk inn den friske lufta og gispa av forundring. Det eg såg var så heilt annleis enn alt eg kjende til, så uendeleg mykje betre enn alt eg kunne fantasert om!

Eg gjekk ut.

I dag lever eg i fridom. Mykje har endra seg sidan den gongen ei celle var heile verda mi. Livet mitt har blitt gjennomsyra av kjærleiken til mannen med nøklane. Han har vist meg kva det vil seie å leve på ekte.

No er verda så uendeleg stor, og eg er evig fri!

Gleda er likevel ikkje fullkommen. Endå. Den gamle korridoren står der fortsatt, med sine opna dører. Mange av romma er tomme, men bak somme av dørene sit der fortsatt menn og kvinner som lengtar etter fridomen. Somme ser mot den opne døra med lengsel, men mange har snudd ryggen til og vil ikkje sjå. Dei stirrar i veggen og drøymer om fridomen. Og kanskje tenkjer dei at dei allereie er frie? Eg veit ikkje, men fortvilinga mi er stor. Eg skulle så gjerne vist dei kor stor verda eigentleg er, eg skulle så gjerne vist dei kva det vil seie å vere evig fri.


Eg ropar inn i korridoren, og håpar nokon vil høyre: "Vegen til fridomen er open! Det er berre å ta steget, for mannen med nøklane har sona alle straffene! Kom ut av fengselet og lev!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar