lørdag 14. april 2012

Karma eller... nåde?

Vi menneske har ofte stor fascinasjon for karma. Ta for eksempel ordtaket: “Som man reder så ligger man”. At handlingane våre får konsekvensar for oss, er ein heilt naturleg tanke, ja endå meir: Ein tiltrekkande tanke. Går det oss godt, vil det seie at vi har handla rett, og går det nokon ille, er det nok vel fortent.

I søndagens bibeltekst får vi ein av dei beste illustrasjonane på forskjellen mellom Jesus, den eine levande Gud, og alle dei religionane og livssyna vi menneske opp gjennom tidene har konstruert og trudd på. Nesten utelukkande inneheld religionane lovar og reglar som må oppfyllast for å oppnå frelse eller evig liv. Slikt har det dessverre vore ein god del av innan kristendommen også. Vi menneske har omgjort Jesu lære til ein religion, som på mange måtar kan sidestillast med islam og jødedom. Og dessverre har mange problem med å forklare kva den store forskjellen ligg i.

I Bibelen kan vi lese om ein Gud som tenkjer fundamentalt annleis: Peter har svikta totalt. Forrådt Jesus og banna på at han ikkje kjente han. Alle dei håpa og forventningane som hadde bygd seg opp gjennom tre år saman med Jesus, falt med eitt i grus. Peter var på botn, livet verka nok ganske så håplaust. Og kanskje tenkte han at han fekk som fortent, han som ikkje klarte å leve opp til dei store orda sine?

Så ein morgon møter han att Jesus. Meisteren sit på stranda, ved eit bål. Peter har vore ute og fiska, og stig no i land og går for å møte Jesus.  Kanskje er han redd for kva han vil møte? Kanskje Jesus vil nemne det store sviket, og stille han til veggs. Eg trur Peter er ganske nervøs medan dei et. Så kjem vi til søndagens bibeltekst:

Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!» Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!» Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine! Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.»  Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!» (Joh 21, 15-19)

Jesus nemner ikkje Peter sitt store fall med eitt ord, men han gir han sjansen til tre gonger å erklære sin kjærleik til Herren. Like mange gongar som han fornekta og sveik. Etterpå får Peter endå ein gong kallet frå Jesus: “Følg meg!” Det er som om Jesus seier: “La oss gå tilbake til start. La oss gløyme alt det vonde som har skjedd, og gå vidare i lag. Eg har gløymt alt!”

Slik er den Gud vi møter i Bibelen. Han tilgir brot, og gir ikkje igjen “tann for tann”. Tvert om lar Han nåde gå for rett, og tilgir alle dei som søkjer Han. Det er som om regelbrotet aldri har skjedd.
No må ingen tru at eg er ein talsmann for anarki eller regelbrot. Slett ikkje. I eit samfunn må vi ha reglar, for at vi skal klare å ta vare på kvarandre. Poenget er at ovanfor Gud har det ingenting å seie. Gud bryr seg ikkje om karmaen din. Det einaste Gud bryr seg om, er svaret du gir når han spør: “Elskar du meg?”   



(Teksten stod først på trykk i Suldalsposten si spalte "Helgetankar", tidlegare i dag)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar