mandag 26. oktober 2009

Lege for dei sjuke

"Då dei skriftlærde mellom farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til disiplane: «Et han saman med tollarar og syndarar?» Jesus høyrde det og sa til dei: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.» " (Mark 2, 16-17)

Eg går ikkje til lege så lenge eg er frisk. Først når eg er sjuk, så sjuk at eg innser eg treng hjelp, då kontaktar eg legen og spør om råd. Og legen hjelper, for han er utdanna og opplært og har kunnskapen til å hjelpe den som er sjuk.

Jesus leitar etter det som er skakt og skeivt og sjukt og skrøpeleg. Han leitar etter deg som ikkje fiksar livet. Du som tvilar. Du som har mange spørsmål som aldri får svar. Du som er einsam eller sjuk. Du som treng hjelp.

Jesus viser aldri bort nokon som spør om hjelp. Han er den store legen. Han tek i mot deg, høyrer på deg og hjelper deg.

Jesus er legen for oss som ikkje har alle svara eller fiksar alt i liva våre.

(Bildet er henta frå ein bloggen til Bjørn Olav Hansen. Trykk på bildet, så kjem du til bloggen hans. Ein bra mann!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar