onsdag 21. oktober 2009

Statskyrkja

Den nye kyrkjeministeren har fått klar beskjed om å avvikle statskyrkja. Mykje tydar dermed på at vi går inn i den siste stortingsperioden der kyrkja og staten heng så tett i hop.

Kyrkja har nok hatt mange fordelar av å vere statskyrkje, men personleg trur eg det vert ei betre ordning med ei sjølvstendig kyrkje. Då er det for eksempel ikkje lenger staten som skal bestemme kven som skal vere biskop. Dette vil styrke kyrkjedemokratiet, og gjere at kyrkja får dei biskopane dei faktisk vil ha.

Håpet er at når kyrkja får bestemme sjølv, vil der vere nok personar i systemet som set Guds ord som grunnvoll for kyrkjetenkinga. Kanskje kan vi i framtida få biskopar som les HEILE bibelen, og ikkje skvisar ut dei delane som er ubehaglege? Det vil tida vise!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar