søndag 25. oktober 2009

Om igjen og om igjen

Det er slett ikkje lett å alltid gjere det rette. Tvert om, eg opplever det som heilt umogeleg. Ikkje ein gong i tilfeller der eg veit 100 % kva som er rett, og at eg kjem til å angre etterpå, greier eg alltid å gjere det rette. Eg gjer feil med vitande å vilje, og angrar etterpå...

Andre gongar er det meir utydeleg å vite kva som er rett. Eg er i tvil, og tek ein sjanse. Og så ser eg etterpå at det kanskje ikkje var så lurt. Heldigvis vel eg av og til også det rette.

I andre tilfeller igjen kan det hende eg ikkje er i tvil ein gong. Eg er heilt sikker på at det eg gjer no er det rette. Men så kan det hende det er feil, utan at eg nokon gong får vite det. Eller kanskje får eg det, og det er ingenting som er surare enn det!

Det er komplisert. Både å velge rett, og det å vere menneske generelt. Det er så mange ting å ta omsyn til. Det er så mange val. Det er så mange menneske som vert påverka av det eg gjer.

Eg gjer urett altfor ofte, og må be om tilgjeving. Og får det! Les denne flotte setningen frå Romarbrevet 8, 1:

"Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus." Tenk det: Inga fordøming!
Eg kan gå til Jesus med alle feila mine, og han fordømer meg ikkje. Ein del menneske tenkjer på kristendomen som ein dømande religion. Dette er feil! Vi menneske dømer ofte, noko vi ikkje har rett til. Men Jesus dømer aldri. Den som kjem til Jesus med feila sine, møter ikkje eit stoppskilt eller avvisning, men opne armar og eit varmt hjarte! Der er inga fordøming!
Med alle mine feil, treng eg å gå til Jesus om igjen og om igjen og om igjen. Og han tek imot meg kvar einaste gong. Hadde det vore meg, hadde eg vorte lei og gitt opp for lenge sidan.

Heldigvis er ikkje Jesus som meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar