torsdag 15. oktober 2009

Jesus og boda

Det kan vere fristande å tenkje at Jesus kom for å setje alle boda i det gamle testamente til side. Jesus kom med eit nytt bod, nemleg å elske Gud av heile sitt hjarte, og sin neste som seg sjølv. Dette er det første og viktigaste bodet, så då må vel alle dei andre vere sett til sida?

I Matteus 5, 17-19 står det slik: "17 Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. 18 Sanneleg, eg seier dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt. 19 Den som opphevar eit einaste av desse minste boda og lærer menneska såleis, skal reknast som den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre å gjera det, skal reknast som stor i himmelriket. 20 Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda til dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket."

Jesus har altså ikkje oppheva lova, han har oppfylt den! Vår rettferd må fortsatt vere plettfri og fullkomen. Vi må fortsatt forholde oss til alle boda, og halde dei. Dette er umogeleg!

Det er strenge ord frå Jesus dette. Ord som kan vere ubehagelege og fristande å oversjå. Men det er viktige ord. Lova gjeld. Heldigvis står det i siste del av vers 17 at Jesus kom for å oppfylle lova. Han fulgte opp dei boda han hadde gitt, han levde feilfritt og perfekt.

Jesus har altså levd feilfritt etter lova. Denne rettferdige måten å leve på kan bli din! Jesus kom for å oppfylle lova, og han deler ut nåde til alle som vil ta imot.

Lova er altså ikkje sett til side, men vi kan få del i oppfyllinga av den ved å tru på Jesus!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar