tirsdag 20. oktober 2009

Nær kjelda

Salme 1, 1-3: "Sæl er den som ikkje fylgjer råd frå gudlause menneske og ikkje slår inn på syndarveg eller sit i lag med spottarar, men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. Han er lik eit tre, planta ved rennande bekker: Det gjev si frukt i rette tid, og lauvet visnar ikkje på det. Alt det han gjer, skal lukkast."

Planta ved rennande bekkar... Er ikkje det draumen til eit kvart tre og plante? Der har det alltid tilgang til friskt vatn, og kan alltid ta opp det den treng. Vatnet gir liv og vekst.

Annleis er det i ein ørken. Der er det langt ned til vatnet, og langt mellom kvar regnskyll. Berre dei mest hardføre plantene, som kaktusen, overlever her. Kaktusen har evna til å lagre vatn i store mengder, og røttene går djupt ned i jorda. Dei fleste plantar dør i eit slikt miljø.

Også vi menneske treng vatn. Vi må drikke ei viss mengde vatn kvar dag for å kunne overleve. Utan vatn visnar kroppen vår, og vi dør. Vatnet gir liv og vekst.

Guds ord, Bibelen, vert ofte samanlikna med vatn. Det er "andeleg vatn", vatn vi treng for å overleve som kristne. Jesus seier sjølv: "... den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv." (Joh 4, 14) Å høyre Jesu ord slukkar den andelege tørsten, og kan bli til ei kjelde som trua kan trekke væske frå. Å lese og høyre Guds ord er heilt nødvendig for å kunne halde liv i trua.

Ta ein titt på dette bildet:
Dette synet møtte meg ein morgon i sommar. Blomstrane hadde stått der ei tid, og pynta fint opp i vindauget. No hang dei med knoppane, og eg tenkte det var tomt for vatn. Men, som du ser, det var det ikkje! Der var mykje vatn! Problemet var berre at stilken ikkje nådde nedi. Blomstrane var så nær så nær, men ikkje nær nok. Dei klarte ikkje å drikke vatnet som fanst rett under dei.

Vår kultur har vore prega av kristendomen i tusen år. Kvar bygd har ei kyrkje, og dei fleste har eit eller fleire bedehus. I media kan ein høyre gudstenester og oppbyggelege program, bokhandlarane sel kristen litteratur og musikk, på dei fleste arbeidsplassar møter ein kristne og dei fleste har ein bibel eller fem heime. Likevel er det mange som går rundt og er tørste. Dei lengtar etter "noko", og leitar alle mogelege stader. Men som blomstrane på bildet: Vatnet er nær, ein må berre komme i kontakt med det. Lese Guds ord.

Sjølv har eg rekna meg som kristen heile livet. Eg trur på det eg seier når eg seier trusvedkjenninga i kyrkja. Eg trur på det eg les når eg les i Bibelen. Eg veit kor avhengig eg er av Jesu nåde og kjærleik. Eg veit kvar målet med livet mitt er. Likevel finne eg meg sjølv ofte i ein situasjon som blomstrane på bildet. Så nær kjelda, men så drikk eg ikkje. Eg vert andeleg slapp, og trua vert fjernare.

Det er kanskje ein av grunnane til at eg skriv denne bloggen. Eg ynskjer rett og slett å tvinge meg til å lese meir i Bibelen. Gjennom å skrive får eg orden på tankane, og eg vil gjerne underbygge det eg skriv med Guds ord.

For eg veit at kjelda til alt liv finst hos Gud, og ved å lese orda Hans får eg tilført den næringa trua mi treng for å vekse.

Har du tilgang på det livgjevande vatnet? Drikk du av kjelda?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar