fredag 23. oktober 2009

Å frykte menneske

Som kristne er vi ofte så redde for kva andre skal seie. Ofte verkar det som om vi kjenner oss underlegne, og må vere på defensiven heile vegen. Kvifor er det slik? Er vi så redde for kva andre skal seie? Eg trur mykje botnar i frykt for å skille seg ut, frykt for å bli ledd ut, frykt for å stå aleine, frykt for å ikkje vere aksepterte i lokalmiljøet.

Eg trur ikkje det kjem noko godt ut av å skjule trua eller teie om det ein trur er rett. Ein må sjølvsagt vere audmjuk og klok, men det er ikkje naudsynt å vere redd. Eller som Peter skreiv for snart to tusen år sidan:

"Men om de lid for rettferd skuld, då er de sæle. Ver ikkje redde for dei og lat dykk ikkje skremma, men helga Kristus til Herre i hjarta! Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig."

1. Pet 3, 14-15

Kanskje må vi lide for trua. Noreg er, dessverre, i god fart vekk frå kristendommen, og det vert stadig vanskelegare å skulle fylgje Jesu ord. Men om vi må lide, kva er vel det mot den nåden og kjærleiken som vi får av Jesus Kristus? Og kva med fellesskapet med andre kristne?


Stå for det du meiner, ver frimodig og open om trua, stolt av Jesus og Bibelen og frykt ikkje noko menneske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar