lørdag 13. oktober 2012

Sci-Fi-tips!

Heilt tilfeldig kom eg for nokre veker sidan over to romanar av C.S Lewis som eg aldri har høyrt om før. Eg sprang til biblioteket for å låne dei, og har no stifta eit nytt og kjekt bekjentskap med ei spennande romanverd!

Den første boka, "Reisen til Malacandra" handlar om ein språkprofessor, hr. Ransom, som vert kidnappa og teken med på ei reise til planeten Mars.

Historia er gitt ut i 1938, fleire tiår før det å reise utanfor jorda i det heile var mogleg. Den gongen var sjølve hendinga, det å reise i rommet, noko utenkjeleg. I dag, med ein robot på Mars som sender detaljbilder av planeten ned til oss, veit vi at det Ransom opplever på Mars er heilt umogleg. Utan at det øydelegg historia. Science fiction skal jo vere fantasi (og det er difor litt misvisande at ordet "science" er med i sjangernamnet...).

På Mars flyktar Ransom frå vaktarane sine, og møter på andre åndsvesen som han lever blant og lærer språket til. Sjølve handlinga er ikkje så veldig skummel, for målet med historia er ikkje å teikne eit bilete av rommonster som må nedkjempast med alt det ein kan oppdrive av menneskeleg intelligens og teknologi. Tvert om. Åndsvesena Ransom møter på Mars har ikkje falt i noko syndefall, og lever i fred og harmoni med kvarandre. Krig og drap er utenkjeleg, men dei har likevel eit naturleg forhold til døden.

Ransom oppdagar ganske raskt, og også vi som lesarar, at det er menneska og vår tankegang som er den "skumle", og heile boka kan lesast som eit kritisk blikk på oss menneske.

Det kristne verdsbiletet er rådande, og boka gir eit heilt nytt perspektiv på verdshistoria og "den store historia". Gud og djevelen har sin naturlege plass, og eg sit att med eit nytt og svært spennande perspektiv på det å vere menneske.

I bok nummer to, Perelandra, reiser Ransom til Venus på oppdrag frå ein "eldil", ein slags engel, han vart kjent med på Mars. Han hamnar inn i ei veldig ung verd, der menneska akkurat er skapt.

Han møter ganske tidleg "den grønne kvinna", som ikkje får namn før mot slutten av boka. Som bibellesar forstår eg likevel ganske raskt at ho er den nye verda si "Eva". Ransom møter eit menneske som ikkje har falt i synd, og som ikkje veit kva vondskap er.

Etter ei stund dukkar endå ein person opp på planeten, nemleg ein av kidnapparane frå bok ein. Også denne personen, Wilson, møter den grønne kvinna, og hovudspenninga i boka er det som skjer mellom desse tre personane. Ransom er lenge i tvil om kva som er hans oppgåve, kvifor han vart sendt til planeten. Men til slutt ser han oppgåva klart, og historia skiftar retning...

Ei svært spennande bok, og også denne med eit nytt perspektiv på menneska si historie og vårt forhold til Gud. Den er også eit spark til evolusjonistar, dei som meiner at levande vesen vert utvikla frå enklare individ. C.S. Lewis frontar skapinga, og kan som ingen andre gi eit klart og tydeleg bilete av vår situasjon som menneske.

Desse to bøkene, som kom som ein reaksjon på science fiction-bøker der menneska vert framstilt som dei tapre som møter onde vesen som dei måtte nedkjempe i verdsrommet, er to veldig annleis sci-fi-bøker. Eit nytt perspektiv, og ikkje minst ei veldig klar teikning av det bibelske verdsbiletet, gjer dette til to svært oppbyggelege og lærerike bøker!

Den tredje boka i trilogien, "That hideous strength", er ikkje oversett til norsk.

1 kommentar:

  1. Innom for å hilse på :) - og for å takke for boktipsene du deler her. Jeg har lest mye av C.S Lewis, men ikke denne trilogien ...enda. Håper du har det bra! Ønsker deg og dine en fin søndag :)

    SvarSlett