mandag 12. januar 2015

I min fars hus - Corrie ten Boom

Corrie ten Boom døydde i 1983, over 90 år gamal, så eg fekk aldri sjansen til å høyre henne "live". Likevel er ho eit av mine største førebilete, og ein trushelt som har påverka trua mi mykje.

I boka "I min fars hus" fortel ho om dei femti første åra av livet sitt, frå ho vart fødd i Harleem, utanfor Amsterdam, i 1892, og fram til 2. verdskrigen starta i 1940. Boka fortel korte historier, og refleksjonar rundt det å leve som kristne.

Samtidig som det er ei oppbyggeleg bok, gir den også godt innblikk i korleis det var å vekse opp i Nederland på starten av 1900-talet. I alle fall for denne familien. Det var trange kår, og samarbeid og samhald var den einaste vegen.

Eg las denne boka og fleire andre av Corrie ten boom sine bøker då eg var ung. Mykje av trusopplæringa påverka meg, og har prega min måte å tenkje om Gud og det å leve som ein kristen. No har eg lånt denne og fleire andre av ten Boom sine bøker i frå Balestrand, og eg gler meg til å lese på ny bøkene ho skreiv!

"I min fars hus" er på 178 sider, og vart gitt ut på Ansgar forlag i 1977.

3 kommentarer:

  1. Ein kjenning frå ungdommen dette, ja. Eg er gald for alt eg las i den tida. Det har vore god ballast.

    SvarSlett
  2. Hei.
    "Plutselig" kom jeg innom bloggen din.
    Fint å se å se i den, jeg kjenner meg liksom litt hjemme her :-)
    Enig, - Corrie var en slik flott dame, - hun levde så nær Gud. GUD viktigst.
    Husker spesielt at hun klarte å tilgi en av de verste fangevokterne.

    Hvis du er interessert har jeg skrevet om å tilgi, i en "nær Gud opplevelse":
    http://hjemveien.blogspot.no/2014/01/tilgitt-gud-vekket-du-meg.html

    Gud velsigne Deg og Dine og bloggen.

    Hilsen MinsteBror

    SvarSlett
  3. Takk for hyggelege kommentarar! Ekstra kjekt å få kommentarar på bloggen akkurat no som eg har tenkt å blåse litt meir liv i den att - etter eit år med nokså lite aktivitet på sida!

    SvarSlett