tirsdag 15. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #15



så går dei her
desse tre – skuggar i sanden
mot eit mål som verkar så lite
sett frå perifert plasserte
tribuner til det kjente dramaet

og paradokset er slik:
at dess lenger vekk du flyttar auga,
la oss snakke om lysår – eller lysæver
utover, til det ukjent landet utanfor alt

vert målet så stort
og brennande klårt
at det kanskje må verke ulogisk – og i alle fall sårt
at så mange går andre vegar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar