onsdag 9. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #9



det er drivkrefter i bestemte sinn,
tre tenkande vesen
med målet for reisa plotta inn

ikkje som geografiske punkt på eit kart
eller tankar om korleis det vert
når reisa omsider tek slutt;

meir som ei visse om noko stort,
at der er noko der framme
som er verdt å nå

og bestemte sinn pressar kroppen
gjennom glovarme dagar, ausande regn
netter av kulde og snø

for målet er ukjent, men likevel synleg
som eit lysande tempel
for det indre auget


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar