tirsdag 1. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #1



sjå mot stjernene
står det
vi ser vi ser
mot stjernene
lokkar sanninga
ut av fjerne galaksar
og tenkte linjer

loggar svara
dag for dag, leitar
som menneska før
i tider som var
og i tider som kjem

sjå mot stjernene
står det
vi lengtar
mot noko vi ikkje veit


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar