torsdag 10. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #10



her finn eg mitt gull
seier ein
og bøyer seg mot støvet

skrapar saman klumpar av sand og jord og stein,
legg det opp i skrinet
og låser det att

det er jord, seier dei hine
og rister forsiktig på hovudet,
nektar å tru det dei ser;

du kan ikkje gi bort dette,
eit skrin fylt med sand
til ein konge –

men det lune blikket, eit vitande auge
ser gjennom raske luftmolekyl
det som skjular seg under overflata

det er målingar og utrekningar, undersøkingar
og vegingar – kunnskap i bøker og kunnskap
i hovudet. og det er støv, alt i hop

skapt som atom, sett saman og bygd opp
og for den som kan lage dette
er sand like verdifullt som gull –

difor – her finn eg mitt gull
det er dette eg har å gi;
ein kropp skapt av molda – eit lån frå ein konge

og eg –
eg gir alt attende; altså meg sjølv
som ein tenar for denne store


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar