onsdag 16. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #16



den som kunne sett det
som ventar
framme ved enden
av denne vegen
vi går med stødige steg
gjennom dagar
og netter og kulde
og brennande sol
mot eit mål
vi endå ikkje kan sjå
eller ane kva er,
vi ser berre konturane
i det fjerne
som silhuettar mot
stjernehimmelen over
landskapet her
er vi små og utydelege
men der framme
ventar eit løfte
vi ikkje vil miste
for alt i verda

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar