lørdag 5. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #5



så kjenner ein ørkenlufta mot kinnet,
den svalande fuglevengja
om natta, kveste spyd
prikkande mot huda
om dagen

endå er føtene varme og mjuke,
draumen er levande
som ei dansande
over scena i det indre auget

og det du ser
er mjukt og lysande
endå skarpe konturar
endå ragande tårn

hjartet bankar med friske tak
for du har ikkje levd i denne ørkenen,
der er ikkje her
du høyrer til –

dette er berre ei gjennomreise
mot noko betre


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar