tirsdag 3. mai 2011

Drap med bismak

Det er mildt sagt ingen hemmelighet at USA har spora opp og drepe Osama Bin Laden. I ein stille og roleg landsby i Pakistan, blant menneske som ikkje ante at han var der, heldt han seg i skjul, heilt fram til natt til i går. Nyheita var nok kjærkomen for dei amerikanske generalane, og kanskje særleg for president Obama. Ei fjør i hatten, og kanskje nokre fleire veljarar til haustens presidantval?

Eg forstår godt at mange er letta over at Bin Laden er eliminert. Han var hjernen bak det forferdelege angrepet på World Trade Center i New York i 2001, og har vore ein jaga mann sidan den gong. Likevel er det med undring og vemod eg ser reportasjar frå USA, der menneske jublar og feirar drapet på terroristen.

No støttar eg slett ikkje terrorisme. Ikkje det spor. Eg meinar tvert om at vald og våpenbruk er av det vonde, og bør begrensast så sant som råd er. Då tvillingtårna i New York rasa, gjekk det ei sjokkbølge gjennom den vestlege verda. Samtidig kunne vi sjå tv-bilder frå Damaskus og Jordan og Afghanistan, der menneske jubla og feira. Over to tusen menneske vart drepne, og så såg nokon det som ein grunn til å feire? Det heile var ei ganske bisarr oppleving.

Ikkje mindre er det like bisarrt å sjå menneske i den vestlege del av verda, min del av verda, gå ut i gatene og feire at ein mann er blitt drepen. Dei to gatene, gata i Damaskus og gata i New York, smeltar saman, og eg registrerar nok ein gong at det er visst ikkje så stor skilnad på oss menneske, trass alt. Det eine folket er ikkje betre enn det andre.

Eit anna perspektiv som også må takast med, og som er meir alvorleg enn det at folk jublar, er det at her har dei drepe ein mann som ikkje vart kjent med Jesus. Dei tok frå mennesket alle sjansar til å møte tilgjeving og rensing for synd. Alle sjansar til å bli født på ny og bli kjent med Gud er no over. Mannen var terrorist, sant og visst, men var han mindre elska av Gud av den grunn? Hadde Gud gitt han opp? Eg trur ikkje det. Har vi andre då nokon rett til å ta livet hans, og ta frå han alle sjansar til å omvende seg?

Eg trur Jesus grein då Osama Bin Laden vart skoten. Nok ei tapt sjel.

2 kommentarer:

  1. Eg synes slike innlegg som dette alltid er vanskelege:
    Den kristne, norske mannen i meg, ser heilt klårt poenget med "nok ei tapt sjel".

    Samstundes som den militærfaglege delen av meg ser det naudsynte og klårt strategiske i å "ta ut" bin Laden.

    Me må ikkje gløyme at vårt norske "kristen demokratiske" verdssyn også er eit av dei mest naive og godtruande verda har. (på godt og på vondt). Hevn og ære er verdiar med langt større betydning dei fleste stader i verda enn me forstår. Å gje bin Laden ei meir sivil rettergang, ville kanskje skapt større forståing i Norden. Medan, dei viktige delane av Asia og Nord - Afrika hadde sett på oss med enno meir uforståande blikk.

    Å drepe Osama bin Laden var på mange måtar sterkt kritikverdig, samtidig som det kanskje på meir enn ein måte var naudsynt. Slik trur eg mi oppsumering blir...

    Kjekt med debatt :)

    SvarSlett
  2. Ja, debatt er kjekt!

    Eg trur eg forstår kva du meiner, og det kan godt hende at det ikkje var nokon veg utanom. Likevel syns eg det er ein bisarr ting at eit drap vert feira med jubel og glede i gatene, uansett kven det er som er drepen. Eg kan strekke meg til å forstå at folk vart glade, men eg syns likevel ikkje noko om å feire drap.

    På same måten må det gå an seie at frå Guds perspektiv (og no er det jo alltid farlig og veldig vanskeleg som menneske å påstå at ein kan sjå ting frå Guds perspektiv - det er jo heilt umulig...) slik eg tolkar Jesus i Bibelen, så er han like glad i alle mennesker, og også i Osama Bin Laden. Eg kan ikkje vite, men eg held det som rimeleg at Gud felte tårer over denne "bortkomne sonen" som no aldri får sjansen til å kome heim att.

    Ei sak har alltid fleire sider, og dei fleste utfall har både positive og negative konsekvensar. Det er i det heile umogeleg å gjere det som er det 100% riktige, men ein må velje seg ein synsvinkel og prøve å forsvare den. Eg vel meg ein menneskeverd-synsvinkel, og meinar det er trist at Osama Bin Laden vart drepen i staden for å bli teken til fange.

    SvarSlett