fredag 17. august 2012

Ein Gud som bryr seg

Søndagens tekstar handlar om Guds omsorg. I preiketeksten får vi presentert ein del kvinner som fulgte Jesus. Det var ikkje det vanlegaste på denne tida at kvinner vandra rundt saman med ein rabbi, men dette er ein spesiell situasjon. For det første har dei opplevd store mirakel i liva sine. Jesus har lækt dei for vonde ånder og sjukdomar, og takksemda til utfriaren må nok ha vore stor. I tillegg er situasjonen spesiell av ein annan grunn også, nemleg at dei fylgjer ein spesiell rabbi. Det er ikkje ein vanleg skriflærd, ein klok lærar med ein vanleg disippelflokk. Nei, det er Gud sjølv som går blant dei, verdas skapar, inkarnert og fysisk. Han et, ler og grin saman med læresveinane, han snakkar alvor og viser omsorg. Han er ein spesiell rabbi, som bryr seg om etterfølgjarane sine på guddommeleg vis.  (Luk 8, 1-3)

I Jesaja 49 finn vi desse versa:

13 Jubla, du himmel, og gled deg, du jord,
          bryt ut i jubel, de fjell!
          For Herren trøystar sitt folk
          og viser miskunn mot sine hjelpelause.

         
 
14 Sion seier: « Herren har forlate meg,
          Herren har gløymt meg.»
         
 
15 Kan ei kvinne gløyma sitt diande barn,
          ei omsorgsfull mor det barnet ho bar?
          Sjølv om dei skulle gløyma,
          skal ikkje eg gløyma deg.
         
 
16 Sjå, eg har teikna deg i hendene mine,
          murane dine er alltid framfor meg.

  
Gud viser miskunn mot sine hjelpelause. Han trøyster og gløymer oss ikkje! Det er eit sterkt bilde som vert present i vers 15. Ei mor gløymer ikkje barnet sitt! Barna er gøymde djupt i hjarta, og kan ikkje viskast ut. Og om det skulle skje, om det skulle vere ei mor som gløymer sitt eige barn, så gløymer ikkje Gud oss! 

Han har teikna deg i hendene sine, og har alltid augene festa på deg. Gud er ein Gud som bryr seg. Han gløymer deg aldri ut.

Då er det trygt å vere menneske, for Gud er ein nådig Gud.

1 kommentar:

  1. Flott skrevet, som alltid. Det er godt å hvile i Guds nåde. Til enhver tid.
    God helg til deg og dine - og takk for kjempefin kommentar hos meg for noen dager siden :))

    SvarSlett