søndag 5. juni 2011

Kyrkja og seksualitet

For alle oss som har handla i ein daglegvarebutikk dei siste dagane, har det vore uungåeleg å legge merke til eit usmakleg sex-stunt i domkyrkja i Oslo. Organisasjonen "Fuck for forest" ynskte å sette fokus på kyrkja sitt forhold til seksualitet. Det var også ei slags støtteerklæring til avgåtte sokneprest Einar Gelius. (Edit: Kommentar frå Eyvind Skeie)

Dagbladet siterer ein av aktørane på følgjande måte: "Kirka har og begår fremdeles et stort overgrep mot dem som praktiserer seksualiteten og bruker naturen. Kirka har i en årrekke fratatt oss det som er det naturligeste i verden: kjærlighet og sex." For det første vitnar dette om stor kunnskapsløyse. På kva måte er det kyrkja tek frå "oss" kjærleik og sex?

For det første: Dei som ikkje ynskjer å ha noko med kyrkja å gjere, slepp å forhalde seg til den i det heile. Ein kan melde seg ut, la vere å bruke kyrkjerommet og elles distansere seg mykje ein ynskjer. Det er ikkje religionstvang i Noreg, det er religionsfridom. Med andre ord: Kyrkja kan ikkje, og vil sjølvsagt heller ikkje, ta verken kjærleik eller sex frå nokon som helst som ikkje vil ha noko med kyrkja å gjere.

Spørsmålet om det å bli fråteken kjærleik og sex, må då gjelde dei som ynskjer å vere i kyrkja, og lar kyrkja si lære vere autoritet i liva sine. Kven er desse menneska? Jo, må ikkje det vere dei kristne, dei som er døypte i kyrkja og ynskjer å leve liva sine nær Jesus? Det er jo desse menneska kyrkja si lære er aktuell og viktig for.

Eg er ein av desse menneska som høyrer til i kyrkja. Eg ynskjer å la den bibelske læra vere autoritet i livet mitt. For meg er det difor viktig å vite kva kyrkja lærer om seksualitet og kjærleik, og la kyrkja si lære vere autoritet i livet mitt. (Av naturlege årsakar må eg i det vidare sjå vekk frå den liberale delen av kyrkja, sidan dei på mange felt vik frå det som er kyrkja si klassiske lære) Kva er det så kyrkja lærer om seksualitet?

For det fyrste lærer vi at det er Gud som har skapt seksualiteten og kjærleiken. Seksualiteten er difor ikkje av det vonde, tvert om. Det er noko godt, noko gudgitt. Seksualiteten er ein naturleg del av det å vere menneske, og Gud la denne eigenskapen ned i menneska heilt frå skapinga av.

I opphavet, slik Gud skapte oss, hadde vi eit naturleg forhold til eigen og andre sine kroppar. Dette kan vi lese om i skapingsfortellingane i Bibelen. Gud skapte oss nakne, og ingen skamma seg over det eller følte det var unaturleg. Det å skamme seg over kroppen kom som eit resultat av syndefallet. I det vi vende oss vekk frå Gud, oppdaga vi at vi var nakne. Vi begynte å dekke oss til, og skjule oss for kvarandre.

Vidare kan vi lese at Gud laga klede til menneska. Han forstod kva for ein situasjon dei var i, og at dei ynskte å skjule seg. Han måtte jage dei ut av Edens hage, ut av det paradiset dei hadde levd i. Likevel forlot han dei ikkje. Menneska snudde seg vekk frå Gud, men Gud har aldri snudd seg vekk frå oss!

Gud gav dei altså klede, slik at dei skulle sleppe å skamme seg. Frå då av har det å vere kledd og tildekt vore ein naturleg del av den menneskelege seksualiteten. Å vere nakent er sårbart, det er skummelt. Kun ovanfor den som står ein aller nærast tør ein vise sitt sanne eg fullt og heilt.

Gud innstifta ekteskapet som ei ramme for seksualiteten, slik at den skulle kunne utfolde seg i trygge omgjevnader.

Kyrkja sin etikk er i dag forma mykje ut frå skapingsfortellingane, men også ut frå det Jesus lærte om rett liv, og dei læresetningane vi kan lese om temaet ulike stadar i brevlitteraturen. Oppsummert er kyrkja si lære (tradisjonelt) slik:
1) Ekteskapet mellom mann og kvinne er ramma for utfalding av seksualiteten.
2) Seksualiteten er ei positiv gåve frå Gud.
3) Seksualitet som vert misbrukt er eit brot på Guds heilage bod. Det vil seie å krenkje sin eigen og andre menneske sin seksualitet.

At organisasjonen "Fuck for forest" også trekk inn kjærleiken, og seier kyrkja tek frå oss denne, grensar nesten til det komiske. Er det ikkje nettopp kjærleiken som er sjølve nøkkelen til å forstå kristendommen? Guds offer, Jesus som døyr for menneska si skuld, er den største kjærleikserklæringa eg veit om. Jesus seier også at det største bodet av alle høyres slik ut: "Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.' Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: ' Du skal elska nesten din som deg sjølv.' På desse to boda kviler heile lova og profetane." (Matt 22, 37-40)

Kjærleik er det ordet som best kan skildre Gud, og best kan skildre det forholdet han ynskjer at vi mennesker skal ha til kvarandre. Å krenkje andre menneske sine heilage rom er ikkje eit uttrykk for kjærleik. Det er tvert om eit uttrykk for forakt, og, i dette tilfellet, kunnskapsløyse.

Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. (1 Joh 4, 8)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar