fredag 27. mai 2011

Trist utvikling

Det er leit å sjå korleis teologien utviklar seg i Den norske Kyrkja. Sakte men sikkert skjer det ei bortgliding frå Bibelen som fundament og rettesnor, og sakte (men likevel i skremmande tempo) skjer det ei haldningsendring. Mitt inntrykk er at fokus i dag er meir på det å vere ein sjelesørgerisk og seremonell institusjon. I mange kyrkjer (i alle fall i dei fleste kyrkjene eg har vore i) er det det eg kallar "blodfattig" undervisning. Vi som kallar oss kristne og ynskjer å leve etter Jesu lære, får sjeldan mykje matnyttig i gudstenestene i kyrkja. Kanskje er det berre eg som opplever det slik? Eg veit ikkje.

Eg veit i alle fall at hadde det ikkje vore for bibelgruppa mi, møtene på bedehuset, eigne studier og bibelcamping om sommaren, så hadde eg slite med å halde fokus på Jesus. Akkurat det syns eg likevel er vanskeleg, men eg får dessverre lite hjelp i gudstenesta!

Ein logisk grunn til utviklinga, er at staten styrer mange av dei viktigaste ansetjingane i kyrkja. Biskopane, for eksempel, er det jo regjeringa som set inn. At dei har andeleg vekst og bibeltruskap i fokus når dei vel personar til biskopar, er eg svært i tvil om.

Ein annan grunn er utdanningsinstitusjonane som gir prestane opplæring. Desse er svært ofte liberale og lite fokuserte på bibeltruskap. Det ferskaste eksempelet på dette kunne eg lese i denne artikkelen i Vårt Land i dag. Trist. (Edit: Her kan du lese intervju med Rolf Kjøde, generalsekretær i Normisjon, om hans syn på denne saka)

No kan det hende det sit svært mange rundt om i landet som kjenner det er oppbyggeleg og trusstyrkande å delta i gudstenesta. Eg håpar i alle fall det er mange bibeltru prestar der ute, som ynskjer å gje kyrkjelyden noko meir matnyttig enn svada, liberal teologi og vissvass (jada, eg veit eg brukte tre synonyme ord, men eg ynskte å understreke poenget).

Og så håpar eg stat og kyrkje skil lag så fort som mogeleg. Det er på høg tid at kyrkja får styre i eige hus. Vil ein miste mange medlemer då? Absolutt. Er dette negativt? Kanskje økonomisk, men ganske sikkert ikkje andeleg. Det er på høg tid at kristne i Noreg får skikkeleg opplæring i bibelske sanningar, og får delta på gudstenester som fører oss nærare Jesus og hans vilje med liva våre.

Ei oppfordring: Les i bibelen! Finn ut kva som står, og prøv presten sine ord mot det som står der. Berre dei som talar i samsvar med Bibelen, er verdt å låne øyre til.

13 kommentarer:

  1. Dette blogginnlegget må vel sies å være en imponerende oppvisning i arroganse, skrevet på en svært lite Jesusnær måte. Det er helt greit å ha bastante meninger, og det er en naturlig følge av å ha slike meninger at man mener andre tar feil. Men, å hevde at teologiske professorer ikke leser i Bibelen, og å sidestille liberal teologi med vissvass, vitner om manglende vilje til å forstå hvordan motparten tenker. Og om man ikke vil forstå motparten, blir ens egne meninger som fordommer å regne...

    kan for øvrig melde at mange ungdommer på begge sider av oslo blir gode kristne (tidvis mot foreldrenes vilje) etter å ha fulgt ungdomsarbeidet i de liberale menighetene du later til å forakte...

    SvarSlett
  2. Takk for kommentar! Eg ser kva du meiner, og eg veit eg set ting på spissen.

    Eg skriv ikkje det eg skriv ut frå arroganse, men ut frå ei ekte fortviling over slik eg har opplevd mange av mine møter med kyrkja. Eg prøvde også å poengtere at dette gjeld mine opplevingar. Eg kan ikkje seie noko om kva andre får ut av gudstenestene.

    Når det gjeld liberal teologi, står eg inne for det eg seier. Eg tykkjer det er ei trist utvikling at stadig fleire prestar byrjar å forkynne på tvers av det Jesus lærte. For eksempel er det lite misjonsfokus i den liberale teologien, ganske enkelt fordi læra om fortapinga ofte vert sett vekk frå. Dette trass i at Jesus hadde enorm nød for menneske som levde vekke frå Gud, og oppfordra til misjon.

    Ei oppklaring: Eg "foraktar" slett ikkje liberale menigheter eller liberale prestar. Eg foraktar liberal teologi, og det er noko anna.

    Jesus var veldig klar i si fordømming av synda, men han fordømte aldrie eit einaste menneske. Som ein etterfølgar av Jesus, prøver eg på det same, sjølv om eg sjølvsagt mislukkast ganske ofte.

    Når det gjeld det å ikkje ville forstå motparten, så skyt du nok i blinde. Eg vil absolutt forstå. Og ikkje minst, eg forstår svært godt at mange syns liberal teologi er meir forlokkande enn det å lese Jesu ord bokstaveleg. For det fyrste tiltalar det oss mykje som menneske, fordi ein av grunnsetningane i liberal teologi er at ein ikkje riktig kan vite kva som er sant. Det som er sagt må tolkast inn i tida det vart sagt, og i dag har vi utvikla oss så mykje meir. Bibelen sin autoritet vert svekka, og ein kan sjå vekk frå mange av dei vanskelege versa. Klart det er noko som tiltalar oss! Det tiltalar også meg. Eg skulle ynskje eg kunne sleppe å måtte tale om fortapinga. Eg skulle ynskje eg kunne sleppe å tale om det å leve etisk rett ut frå bibelske prinsipp. Eg skulle ynskje eg kunne sleppe å drive misjon. Det hadde vore så mykje enklare å la folk leve som dei gjer. Og i tillegg ville verda akseptert trua og meiningane mine i mykje større grad.

    Men eg må då spørje: Gjer det at det tiltalar meg som menneske, det meir rett av den grunn? Har vi som kristne lov til å trekkje fram litt av det Jesus sa, og legge andre ting under sofaen og avskrive det som umoderne og upassande?

    Eg anbefalar deg å lese C.S. Lewis sine teologiske bøker. Han er ein mykje klokare mann enn meg, og ein mykje dyktigare teolog. Klarare tankar om Gud og Bibelen og det å leve som kristen skal du leite lenge etter!

    Elles treng eg rettleiing, eg som alle andre. Eg skal ta med meg kommentaren din og ha den i bakhovudet til neste blogginnlegg.

    SvarSlett
  3. Takk for et respektfullt svar.

    Min respons blir litt kort, mest grunnet klokkeslettet den skrives på. Men, altså: Jeg mener at det ikke går ann å lese bibelen (eller noen annen bok, for den saks skyld) uten å tolke. Lesing er tolkning av tegn, av ord, og av symboler. De som sier at de "leser bibelen som den står" gjør bibelen urett ved å lese den uten å være sin egen tolkning bevisst.

    På samme måte velger alle kristne hvilke deler av bibelens og jesu ord de vil legge hovedvekten på. Som du sier, har mange liberale teologer en tendens til å vektlegge en del av ordene som synd og dom relativt lavt. Samtidig vil jeg trekke frem at de oftere er flinkere enn mange konservative i å vektlegge Jesu ord om hvordan vi skal oppføre oss overfor sultende, fattige og marginaliserte.

    Alt i alt mener jeg konservative har en tendens til å følge Jesu konklusjoner, mens liberale legger mer vekt på å forsøke å resonnere på Jesu måte. Begge deler har åpenbare fordeler og fallgruver.

    For øvrig vil jeg gjerne nevne at jeg, på tross av at jeg er en liberal TF-teolog, har et godt kjennskap til c.s. Lewis teologiske forfatterskap (jeg synes dog han har en tendens til å forenkle litt mye), og at jeg har et genuint engasjement i å hjelpe mennesker (særlig unge sådann) å bli kjent med evangeliet:-)

    SvarSlett
  4. Jeg er hjertelig enig med deg i at stat og kirke bør skilles. Naturligvis er det et teologisk problem for kirka at kirkas standpunkter bestemmes politisk, men det ville naturligvis også vært et politisk problem hvis ei statskirke, finansiert av staten og med en stor del av befolkningen som medlemmer, skulle ha standpunkter bestemt av et lite mindretall.

    På den annen side er det jo slett ikke sikkert at et skille mellom stat og kirke vil føre kirka dit du ønsker. For blant de liberale kirkemedlemmene er det nok mange som fortsatt vil være aktive i kirka og sørge for å fortsatt holde den åpen både for kvinner, homofile og "det som verre er"...

    SvarSlett
  5. Anders: Eg er einig med deg i det at alle tekstar vert tolka av lesaren. Som norsklærar er nettopp det å tolke bodskap i tekstar ein av dei tinga eg prøver å lære elevane mine. Både det som står, og det som ein kan lese mellom linjene. Eg er også klar over at det i kommunikasjonssituasjonar kan vere mange støyfaktorar. Når det gjeld Bibellesing, er eit av hovudproblema at boka er skriven for snart 2000 år sidan, i ein annan kultur og på eit anna språk.

    Dette dekkjer likevel ikkje over det faktum at nokre ting står veldig klart, og då tenkjer eg både på korleis Jesus møtte menneske (som også vert mykje vektlagt i dei meir konservative samanhengane eg er ein del av) og det han forkynte for folkemassene og for læresveinane. Han talar for eksempel svært klart om fortapinga (Det mest kjente eksempelet er vel Joh 3,16). Han talar også klart om misjon, og han er svært klar på at boda frå GT fortsat skal gjelde. Han oppheva dei ikkje, han oppfylte dei.

    Der Jesus talar klart, og handlar klart, bør vel vi også gjere det?

    Ei av mine favorittforteljingar i evangelia, er forteljinga som vi finn i Joh 8, om kvinna som hadde brote ekteskapet. I det svaret som Jesus gir, finn du hovudforholdet mellom meg og Jesus og meg: "Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir!" Det å møte Jesu tilgjeving er det beste som har hendt meg. Utan den, hadde eg vore fortapt (Sidan Gud er heilag og ikkje toler synd, medan eg slett ikkje lever opp til Guds heilage krav). Det å gå bort og ikkje synde meir, er eit krav eg tek seriøst. Sjølv om eg, og alle andre kristne, veit at det er umogleg, er det likevel ei oppfordring vi skal freiste å følgje. Og så veit eg at Jesus tek i mot meg kvar gong eg fell.

    Viss ein tek vekk synda frå teologien, viss ein tek vekk behovet for Jesu tilgjeving for syndene, og viss ein tek vekk dei etiske rammene, som gjer at eg har behov for Jesus, så ser eg ikkje nokon grunn til å vere kristen.

    No veit eg svært lite om deg, eg kjenner ikkje til di tru og din teologi. Viss du finn vegen inn hit på bloggen min att, hadde eg satt svært stor pris på om du kunne delt ditt Gudsbilete, di tru og ditt vitnesbyrd med meg. Som eg nemnde før, er eg lærar, og ei av mine hovudinteresser er å forstå!

    homonytt.com: Du har heilt rett i det at eit skilje mellom stat og kyrkje ikkje nødvendigvis fører kyrkja i den retningen eg kunne tenkt meg (altså mot ei meir klassisk tolking av bibelen og kristen etikk og tru). Likevel ynskjer eg dette skiljet, for då er det i det minste kyrkja sine eigne folk som tek avgjerdene, menneske som har interesse i kyrkja og vil dens beste. Uansett ståstad. Slik det er i dag, er det kanskje menneske som ikkje har noko særleg forhold til kyrkja som kan bestemme kven som skal styre den.

    Når det gjeld kven kyrkja skal vere open for, har eg aldri meint at den skal stengjast for kvinner eller homofile eller andre (Når du skriv "det som verre er", går eg ut frå at du meiner eg syns det er ille at kvinner og homofile skal ha plass i kyrkja. Det meiner eg slett ikkje). Ja, eg meiner at homofilt samliv, til liks med sambuarskap, ikkje kan forsvarast ut frå bibelsk etikk. Men nei, eg trur ikkje Jesus er mindre glad i homofile enn andre, eller har "døydd mindre" for homofile enn andre. I Guds auge er vi alle syndarar, og gjennom Jesus kan vi alle få del i himmelriket.

    SvarSlett
  6. Takker igjen for et respektfullt og gjennomtenkt svar, dette leger til rette for en god samtale:-)

    Godt vi er enige i at Bibelen må tolkes, det er et godt utgangspunkt. I tillegg tror jeg vi begge vil legge til grunn at vi ønsker å lese et budskap fra Jesus ut av teksten, og å ikke lese noe inn i teksten (på tross av at man aldri kan være helt sikker på at det ikke er sistnevnte man gjør).

    Uansett er det viktig å huske at de bibelske skriftene er menneskelige kilder til en Gudommelig åpenbaring. En del velger å påberope dem en apostolisk ufeilbarlighet, men jeg kan ikke se noen ord fra Jesus som skal garantere hverken evangelistene eller apostlene ufeilbarlighet. Enkelte av beretningene i bibnelen er tydelig legendepregede, og andre er tydelig påvirket av forfatteren og dennes samtid.

    Samtidig mener jeg det blir for enkelt når enkelte setter sammen en ny Bibel, bestående av de "historisk korrekt" bibel. Jeg er enig med Martin Luther her; det er ting i Bibelen som helt klart ikke er en del av kristi evangelium, og kanskje til og med ting som ikke er i tråd med det. Men, om vi skal legge til eller fjerne noe, gjør vi bare at det er enda flere mennesker som påvirker budskapet.

    Du trekker frem fortellingen om kvinnen som ble grepet i ekteskapsbrudd som din favorittfortelling, fordi den (som den eneste av bibelfortellingene?) forteller om at Jesus pålegger den tilgivne å endre sin adferd. Jeg ønsker å trekke frem fortellingen om der Jesus helbreder en mann med vissen hånd på sabatten. Eller fortellingen om der Jesus lar disiplene plukke korn for å spise på sabatten. I begge disse fortellingene trekker Jesus frem at loven/budene er for menneskenes skyld, og ikke menneskene for budene. Dette forsøker jeg å bruke som en tolkningsnøkkel for å finne ut hva som er Guds bud i dag: hva er det beste for menneskene rundt meg?

    Dette gjør at jeg for eksempel har et noe annerledes syn skilsmisse enn hva Jesus forkynner. På Jesu tid var nemlig kvinnen (og eventuelle barn) avhengige av sin mann, mens hun i vår tid ville ha gode muligheter til å få et bedre liv uten ham (dersom ekteskapet er totalt destruktivt; jeg er ikke for en vilkårlig ekteskapspraksis).

    En av de sterkeste delene av jesu forkynnelse jeg vet om, er domsfortellingen i matteus 25. For det første fordi den forteller om at Jesus alltid stiller seg på den lidendes side. For det andre fordi den representerer en kristendom der kjærlighet står i sentrum, og der renhet og religiøs praksis overhodet ikke nevnes. Samtidig bærer også denne fortellingen et tydelig domselement i seg. Det viser alvoret i å ikke bry seg om andres smerter, og viser at ondskapen skal få sin straff. Samtidig har jeg et håp om at Gud kan straffe det onde uten å forkaste noen mennesker. For jeg mener at alle mennesker også har det gode i seg.

    Du skriver at du gjerne vil vite mer om meg. Jeg er 28 år gammel, utdannet teolog, og jobber i Den norske kirke. Jeg har vokst opp i et konservativt bedehusmiljø, og hadde i tenårene en kristentro preget av redsel, dommedagsforventninger, og en visse grad av selvforakt (alt var ikke negativt, men jeg følte tydelig at jeg måtte bli fjernere fra meg selv for å kunne komme nærmere Gud). Da jeg flyttet til Oslo, satt jeg alene i domkirken og bad om å få en tro som både Gud og jeg kunne trives i, og som kunne være god for andre mennesker. Siden det har min viktigste bønn vært at Gud skal bruke meg, som den jeg er.

    Min tro er nå (eller, jeg streber etter at den skal være) trygg og åpen. Jeg ønsker å sette all tillit til Gud, og samtidig være tydelig på at jeg aldri kan vite eller forstå alt om Gud. For meg fallt viktige brikker på plass da jeg innså at Jesus ber oss om å tro, snarere enn om å forstå. Og da jeg innså at Gud gav oss evnen til å tenke for at vi skal kunne bruke den. På samme måtene som evangelistene tenkte selv, og formulerte budskapet om Jesus slik de mente det best kunne forstås, er det mitt ansvar å gjøre det samme I ydmykhet og tro.

    SvarSlett
  7. Naturligvis var det litt flåsete av meg å skrive "holde den åpen både for kvinner, homofile og "det som verre er"..."

    Men hovedpoenget, som du jo også sier deg enig i, er at et skille mellom kirke og stat nå ikke nødvendigvis fører til en mindre "liberal" kirke enn i dag. Kvinner vil nok fortsatt kunne være prester. Det vil sannsynligvis homofile også. Kanskje endog kirka går i retning av å vie homofile par uansett om kirka splittes fra staten eller ikke.

    SvarSlett
  8. Anders: Takk for svar!

    Eg vil først rette opp ei mistyding. Du refererer til forteljinga frå Joh 8, og skriv at den er ei av mine favorittforteljingar fordi den fortel at Jesus pålegg ei endring av adferd. Det er ikkje fordi ei slik endring vert pålagt, at eg likar den, men fordi eg meinar den er ein god illustrasjon på forholdet mellom meg og Jesus. Slik eg les Bibelen, er hovudlinja slik: Mennesket er skapt syndfrie, men vel å vende seg vekk frå Gud. Frå Abraham og fram til Jesus kan vi lese om korleis Gud legg til rette for og planlegg frelsesaksjonen for å redde menneska. Jesus kjem så til verda "når tida var inne". Han er den inkarnerte Gud (100%), som vandrar på jorda som eit heilt vanleg menneske (100%). Han døyr syndfri, og tek på seg all verda synd. Når han står opp att, gjenopprettar han forholdet mellom Gud og menneske. Vi kan no få samfunn med Gud att, gjennom Jesus.

    Når Jesus møter kvinna i Joh 8, møter han ho med tilgjeving, og ei oppfordring til eit nytt og heilagt liv. Ho skulle ikkje gå tilbake til det livet ho hadde levd. Etter Jesu tilgjeving (rettferdiggjeringa), kjem eit liv som Jesu born. Synda er no lagt på Jesus, og i byte har vi fått hans syndfrie liv.

    Vi klarar ikkje å leve syndfrie liv, slett ikkje, men som kristne er vi "i Kristus". Når Gud ser på oss, er Jesus på lag som eit filter, som filtrerer vekk det syndige. På den måten, gjennom Jesus, kan vi leve i samfunn med Gud.

    Du skriv at du legg vekt på kjærleiken, og omsorg for medmenneske. Du trekk også fram bibelstader som viser Jesu omsorg for menneska, og viser korleis vi skal vere mot kvarandre. Her er vi heilt på linje! Også i konservativ teologi er omsorgen for medmenneske sterkt vektlagt. Min bakgrunn er frå NLM og Indremisjonsforbundet, dei to organisasjonane som kanskje har ord på seg å vere mest konservative. Eg har, gjennom heile oppveksten og også i vaksen alder (Eg er no 32)fått høyrt frå talarstolar og gjennom teologiske skriv, kor viktig det er møte medmenneske med kjærleik og omsorg.

    Vegane våre skil seg midlertid (i alle fall teologisk) når du skriv at du håpar Gud kan straffe ondskapen utan å ramme nokon menneske. Det håpar sjølvsagt eg også, det hadde vore det aller beste, samtidig som eg ikkje kjem utanom kor alvorleg Bibelen talar om det å ikkje tru på Jesus. Jesus er den einaste vegen til Gud, står det svart på kvitt (f. eks. Joh 14,6). Det står også at ingen kan bli rettferdig for Gud på grunn av gjerningar (Rom 3, 20).

    Forholdet til gode gjerningar kan då oppsummerast slik: Vi er, som kristne, kalla til å verne dei svake, vise kjærleik og omtanke og i alle ting prøve å følgje Jesu eksempel på korleis ein skal møte menneske. Samtidig kan desse gjerningane aldri frelse oss. Same kva vi gjer, så kan det aldri bli godt nok for Gud. Dette høyrest pessimistisk og negativ ut, men det er slik eg tolkar Rom 3. Og viss den kristne læra hadde stoppa her, hadde det verkeleg vore negativt!

    Jesus frelser altså, ikkje på grunn av gode gjerningar, men på tross av vår syndige natur og alle våre dårlege og mislukka handlingar. (For dei har i alle fall eg mange av, endå eg prøver så godt eg kan å leve rett og godt. Jfr Rom 7, 19)

    Er vi på linje her, i synet på frelsa?

    (forts.)

    SvarSlett
  9. Når det gjeld etikk, så er det som du seier mange bibelvers som talar om det å gjere godt. Samstundes er det ingen som stiller så umenneskeleg store krav til oss som Jesus. Ta for eksempel Bergpreika i Matt 5-7. Eg vil gjerne vite det viss du klarer å leve opp til Jesu krav her! Jesus reinska tempelplassen i sinne over pengehandel på heilag grunn, og han kallar dei fromme farisearane for hyklarar og ormeyngel. Jesus var kjærleg, men han var også beinhard i sine krav.

    Denne dobbeltsidige Jesus, den kjærlege og den som krev eit heilagt liv, trur eg ofte forsvinn i den liberale teologien. Det vert lagt så mykje vekt på det å vere inkluderande og kjærleg, at ein gløymer å påpeike synd og brot på Guds bod. Slik gjer ein tilhøyrarane ei bjørneteneste. Dei får kanskje eit positivt forhold til kyrkja og det å vere kristen, men får dei samtidig sjå si dårlege stilling i forhold til Gud, slik at ein får behov for å be om tilgjeving og nåde?

    Nokre utfordringar til deg:
    1) Meiner du at vi kan verte frelste ved å leve rette og gode liv?
    2) Meiner du eg er urettferdig hard mot dei eg forkynner for, viss eg påpeikar at Gud krev absolutt heilagdom, og at ingen kan bli frelste utan å søkje tilflukt i Jesus?
    3) Kva vil du svare ein ungdom som kjem til deg og i fullt alvor spør: Kva må eg gjere for å bli og leve som ein sann kristen?

    (PS: Eg blei glad når du skreiv at Gud har gitt oss evnen til å tenkje for at vi skal bruke den! Eg skreiv sist at eg underviser i norsk. Eg er allmennlærar i ungdomsskulen, og i tillegg til norsk underviser eg mykje i matematikk og naturfag. Det er nettopp fornuften og logikken som er dei viktigaste reiskapa i desse faga, og fornuften og logikken meinar eg skal fylgje også inn i teologien. Det er også difor eg er så glad i C.S. Lewis sine bøker. Du skriv at han forenklar litt vel mykje. Eg vil heller seie at han taler tydeleg. Tankerekkjene hans er greie å følgje, det er sant, utan at dei av den grunn vert ulogiske eller ufornuftige. Slik opplever i alle fall eg dei ut frå mine bibelkunnskapar og min logiske evne.)

    SvarSlett
  10. Hei igjen!

    Beklager det går litt lengre tid mellom svarene nå, er tilbake i jobb, og det krever sitt... Håper uansett jeg klarer å gi et fort og nogenlunde oppklarende svar her.

    I det bibelske materialet er det, som du nevner, en dobbelthet mellom Jesu krav til våre gjerninger, og Jesu totale aksept av oss på tross av hva vi er og gjør. Kirken/kristne har forsøkt å forklare dette på mange måter gjennom tidene, og kanskje også forklart det litt i hjel? Jeg synes det er viktig å fastholde at det er en dobbelhet; at Jesus enkelte steder (som i Matt 25) later til å si at vår frelse avhenger av måten vi møter andre mennesker på, mens den andre steder (som i Joh 3.16) er betingelsesløs (i det minste for troende, hvem nå det enn er).

    Jeg tror ikke denne dobbeltheten forsvinner noe mer i liberal teologi enn i andre teologiske retninger. Det som derimot muligens utgjør en forskjell er at mange liberale teologer vil hevde at enhver synd alltid er rettet mot et annet menneske. Bud som gjelder kultisk renhet og liknende vil man se på som opphevet, eller kanskje tilogmed som mot Guds vilje (jmf Jesu ord om at sabatten er til for menneskenes skyld og ikke omvendt. Man ser for seg at alle bud fra Gud er til menneskets beste, og der man ikke kan se at de er det, tar man enten feil i vurderingen, eller så er budene tilført av menneskehånd, og dermed mot Guds vilje). Dette har en viss apostolisk oppbacking mtp. det apostlene etter hvert ble enige om mtp. renhet og urenhet, og flyttingen av hviledagen fra sabbat til søndag. Mange liberale vil bruke samme tenkemåten i forbindelse med spørsmål som bla. homofili og samboerskap.

    SvarSlett
  11. For å ta spørsmålene dine:
    1. Jeg mener at intet menneske kan leve et perfekt liv. Om vi skal gjøre oss fortjent til et liv i Guds evighet på bakgrunn av våre handlinger her på jorden, tror jeg ingen ville nå frem.
    2. Jeg tror jeg er enig med deg her òg, men jeg ville nok formulert meg litt annerledes. Jeg vil heller si: Gud kan ikke akseptere ondskap, og derfor kan vi heller ikke bringe det med oss inn i Guds rike. I og med at det onde er en del av oss (en tilbøyelighet knyttet til å væe menneske), skulle vi dermed ligge dårlig ann. Heldigvis har Jesus vunnet over dette onde (på en måte jeg ikke tror vi fullt og helt klarer å forklare).
    3. For det første er jeg litt usikekr på hva du mener med en "sann kristen". Jeg liker ikke definisjoner som tenderer mot å lage et a- og b-lag... Jeg vil anbefale vedkommende å be til Gud, og be Gud bruke han/henne slik Gud ser det best. Så vil jeg anbefale personen om å venne seg til å se Guds ansikt i sin neste. Og til sist vil jeg anbefale personen å leve i trygghet om Guds nærvær i livet, og videre å søke å lære mer om kristen tro fra "trosveteraner"...

    For øvrig: Jeg vil gjerne understreke at ingen liberale teologer jeg kjenner har inntatt sine synspunkt for å bli populære ute i folket. Det ligger spm regel en oppriktig dyp mening bak. Også liberale teologer kritiserer samfunnstrender de mener er i strid med Guds vilje (for eksempel fordelingsproblematikk og global oppvarming), og gjør seg tidvis svært upopulære av det. Selv har jeg aldri blitt så utskjelt som da jeg som en av åtte stod under plakaten "husk at ikke alle kristne er imot felles ekteskapslov" under kristne organisasjoners store demonstrasjonsmobilisering våren 2008. Og jeg vet at det ikke var noen enkel vei min gudfar Ola Steinholt gikk da han, som en av de første i bispekollegiet, gikk inn for homofilt samlevende prester for nesten 20 år siden. Også liberale ofrer mye for sine meninger og for sin tro. Vi er ikke som FRP, som former sine meninger etter hva de tror folkemassen vil si seg enig i.

    Så til slutt litt om frelse. Jeg tror at Jesus er veien, sannheten og livet (alt i bestemt form entall). Hvem veien er åpen for, er jeg derimot ikke sikker på. Jeg håper, og ber om, at den er åpen for alle mennesker. Men dette er opp til Gud. Det er jo tross alt Guds vei...

    Igjen vil jeg bare si at jeg synes vi har en flott samtale! Jeg skal på konfirmantleir i morgen, og er usikker på om jeg har mulighet til å følge den opp der. Men jeg skal så absolutt prøve:-)

    SvarSlett
  12. Eg vil seie meg einig, dette var hyggeleg! Og nyttig! Det vert jo sagt mykje både vist og gale om teologi i offentlege debattar, og det er ikkje alltid så lett å få tak i nyansane når journalistar og forfattarar i tillegg legg til sin personlege kommunikasjonsstøy ...

    Og så er det utfordrande. Eg er som du veit ingen teolog, men er nok over gjennomsnittet interessert i emnet og likar godt å fordjupe meg i bibeltekstar og tolke desse. Dessutan gjeld jo dette det mest grunnleggjande forholdet i livet mitt, så det er viktig for meg å få tak på kva Bibelen seier.

    Eg skal prøve å vere litt kortare denne gongen enn sist… Eg heng meg opp i nokre ting som du skriv, og ynskjer å ta tak i desse. Berre for mitt eige matematiske hovud skuld, deler eg inn i ei punktliste:

    1) Du stiller i ein parentes spørsmål om ”dei truande, kven no det er”. Eg meinar svaret på dette spørsmålet kjem klart fram i Rom 10, 9. Altså å bekjenne med munnen at Jesus er Herren, og tru i hjarta at Gud reiste opp Jesus frå dei døde. Eg trur skilnaden på ein kristen og ein ikkje-kristen er om vedkommande trur på Jesu oppstode frå døden. Dette er jo det sentrale i den kristne trua. Utan oppstoda er det inga meining i heile kristendommen (jfr 1. Kor 15, 17). For å sette det på spissen: Viss eg ikkje Jesus stod opp frå dei døde, kunne eg like godt vore buddhist eller muslim eller ateist.
    Dette handlar ikkje om a-lag og b-lag, men om å tale sanninga. Viss det som står i Bibelen er sant, og der står det at ein må bekjenne og tru på oppstoda for å bli frelst, så vil det vel ikkje vere så lurt å seie til folk noko anna?

    2) Når det gjeld synd, skil du mellom synd mot andre menneske og kultisk ureinskap. Dette er i og for seg lurt, for frå vår menneskelege ståstad vil jo synd mot andre menneske få mykje verre konsekvensar her og no. Eg er likevel ikkje einig i konklusjonen din, om at ein då kan ”godta” sambuarskap, homofilt samliv og felles ekteskapslov (sistnemnte trur eg for øvrig kjem inn i den første kategorien. Det er ein dekonstruksjon av det naturlege (i meininga ”det som føl naturlovene”) ekteskapet, og eg kan ikkje sjå at ein slik dekonstruksjon vil tene samfunnet på sikt. Også ut frå Bibelen, der vi kan lese både at Gud skapte oss til mann og kvinne, og at samliv mellom likekjønna vert rekna som synd, står skrive svart på kvitt.

    Når det gjeld synd, vil eg trekke inn endå eit perspektiv. Du snakkar om den synda vi gjer, anten mot medmenneske (som du fortsatt vil kalle synd) og den ”kultiske synda”. Kva då med den grunnleggjande synda i mennesket, den skulda vi er fødde med (”Fødd med menneskeslektas synd og skuld”, som det heiter i dåpsritualet)? I Jes 53,6 står det at vi ”vende oss kvar til sin veg”. Ordet ”synd” meinar eg å ha høyrt betyr noko sånt som ”å bomme på målet”. Altså å gjere noko anna, eller gå ein annan stad enn der ein skulle. Billedleg går det vel an å seie at vi er fødde med ryggen til Gud, og at viss vi sjølve prøvar å snu oss og møte Gud, så dør vi. Vi treng å ”dø frå oss sjølv” og bli gjenfødt i Kristus, for å kunne møte Gud. (Her trur eg vi tenkjer likt, sidan du skriv at ”det onde er ein del av oss”, og er knytta til det å vere menneske?)

    SvarSlett
  13. 3) Når det gjeld råd til unge som vil bli kristne, så er eg einig i det å oppfordre dei til å be, og til det å leve i tryggleik om at Gud alltid er nær. Men før dette, så meinar eg at det å innrømme at ein er ein syndar, og be om frelse frå synda er viktig. Billedleg tala; å ta med seg synd og skuld og leggje dei ned ved Jesu kors. (Men for at dette skal skje, så må det vere klar tale om kva Gud krev av oss. Då vil den Heilage Ande vise ein at ein er fortapt utan Jesus). I tillegg oppfordrar eg alltid til å lese i Bibelen, slik at ein blir kjent med Guds ord.

    Når det gjeld fortapinga, så meiner eg ikkje at den skal komme i sterk fokus i forkynninga, eller brukast som skremselspropaganda for å skremme folk til omvending. Men likevel må dette perspektivet takast med, for Bibelen er soleklar på at det er to utgangar av livet (Her må eg seie noko som du sikkert er einig i: Dessverre. Det hadde vore betre utan). Det står altså i Bibelen at det er to utgongar på livet, og kun den eine vegen, Jesus, fører til Himmelen. Det er alvorleg, det er fælt å tenkje på og det er ubehageleg å snakke om. Men eg trur det er sanninga, så korleis kan eg då la vere å tale om det? Eg ynskjer då ikkje at nokon skal gå fortapt, så difor prøvar eg så godt eg kan å vitne om Jesus til medmenneska mine. (Og så håpar eg sjølvsagt, inst inne, at der er redning for dei som ikkje trur eg også. At Gud ser i nåde til dei, trass i orda i Bibelen. Men eg kan ikkje forkynne dette, med fare for å gje folk ei pute å sove på i staden for å vekkje dei (eg er glad i bilder…)

    Til slutt eit nytt spørsmål: Korleis forkynner du om den Heilage Ande?

    Jaja, eg sa eg skulle vere kort, men det klarte eg ikkje…

    Ole Jørgen

    SvarSlett