torsdag 23. juni 2011

Bannebok

Cappelen Damm gir ut ei bok som tek for seg ulike bannord. Den vert lansert som «en komplett guide til banning for språkinteresserte i alle aldre» (Vårt Land), men er laga for ungdom.

Eg har ikkje sett eller lest boka, så eg skal ikkje uttale meg om innhaldet, men meir om sjølve ideen. Bannord relaterer seg ofte til religiøse termer, seksuelle tema eller andre meir eller mindre tabubelagte sider ved menneskelivet. Dei vert ofte brukt i negative samanhengar, og byggjer sjeldan opp språket til brukaren. Dei etiske utfordringane med ei slik bok er difor store.

Spørsmålet vert då: treng vi eigentleg ei banneordbok? Vil ikkje dei fleste barn og unge komme borti bannorda uansett? Og vil ei slik bok forvanske jobben for oss vaksne som skal lære dei unge skikkeleg språkbruk?

Kanskje kan boka vere positiv. Kanskje kan dei unge lære kva orda dei seier eigentleg tyder. Nokon kan då bli meir forsiktige med å bruke orda, eller kunnskapen kan inspirere til kreativ språktenking.

Som norsklærar prøver eg å lære elevane å bruke språket kreativt, og helst unngå bannord. Bannord er "språksøppel", og ord som vert brukt når ein ikkje klarar å komme på noko meir kreativt. Eg utfordrar difor elevane til å prøve å bytte ut bannorda med meir velformulerte vendingar.

Akkurat temaet banning er det stor usemje om, også blant norsklærarar. Det er sikkert mange som er ueinige med meg i at bannord ikkje bør vere med i tekstar. Det er også mange forfattarar som er ueinige i dette, så det er ikkje så enkelt å seie til elevane at dei ikkje skal skrive bannord. "Men, det var då bannord i den og den teksten av den og den forfattaren! Kvifor kan ikkje vi bruke det då?" Godt spørsmål...

Eg held likevel fast på mitt synspunkt, at banning er språksøppel. Ofte forsvarar forfattarar (og elevar) bruken av bannord med at dei vil gje ei realistisk skildring av eit bestemt miljø, der banning er naturleg i bruk. Slike miljø finst då så absolutt, men er dei gode språkeksempel for ungdom? Skal ein forsvare banning, berre fordi enkelte miljø brukar orda flittig? Vert det ikkje då berre meir og meir banning?

Og kan ein redusere bruken av dårleg språk, ved å gje ut ei bok som handlar om nettopp dårleg språk?

Eg stiller meg difor avventande, og ein smule skeptisk, til den nye banneboka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar