fredag 24. juni 2011

Eia var eg der

Det er ikkje så mange veker til Skjærgårds går av stabelen på Risøya, og i år som så mange år før skulle eg verkeleg ynskje eg kunne reise dit. Grunnane i år er mange: Ole Børud, Rudi Myntevik, Leeland, Newworldson, Paul Colman, Downhere og ikkje minst gode gamle Petra! I år er det den opprinnelege Petra-besetninga som kjem, dei som spelte saman på starten av 80-talet. Eg har ikkje noko forhold til Greg X Volz som vokalist, for meg er det John Schlitt som er den verkelege vokalen. Petra vart oppløyst i 2005, men no har altså gamlegutta funne saman att. Det hadde sikkert vore litt av ei oppleving å høyre!

Her er nokre klipp frå Youtube, så kan den som vil samanlikne.

Først ein av mine favorittsongar, "We need Jesus" frå plata med same namn:



Ein annan song, frå plata "Jekyll & Hyde". Den heiter "Life as we know it", og er ein litt hardare rockesong.




Så ein liten videosnutt frå ein konsert tidleg på 80-talet. Her er det Greg X Volz som er vokalist:



Og til slutt ein promovideo frå dagens Classic Petra. Det er altså dei same som i klippet over, berre 25 år seinare!



Ja,ja, eg kjem meg ikkje til Risøya. Heldigvis har eg CDar eg kan lytte på! Ikkje ei heilt fullgod erstatning, men likevel...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar