søndag 19. juni 2011

Ei påminning

Her er ei lita påminning, frå Paulus sitt brev til Romarane (8, 1-3):

Så finst det no inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus. For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort deg fri frå lova til synda og døden. Det som var umogleg for lova, fordi ho stod maktlaus på grunn av vårt kjøt og blod, det gjorde Gud. Han sende sin eigen Son som syndoffer, i same kjøt og blod som syndige menneske, og heldt dom over synda i oss.

Det er inga fordømming for den som er i Kristus Jesus! Han har sjølv kjøpt oss fri, synda og døden har ikkje lenger noko krav på oss. Det høyrest nesten for godt ut til å vere sant, men slik står det i Guds ord!

Viss ikkje dette skulle vere ein god nok grunn til å glede seg, så veit ikkje eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar